Re: Flere stater velger Linux, som Kina?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Jan 20 2000 - 15:01:46 MET


Øistein Haugsten Holen wrote:
>
> Selv er jeg Microsoft og Apple-bruker, men jeg synes likevel det virker som
> en god ting om
> det offentlige går foran og stiller krav om åpen kildekode for programvare og
> operativsystem. I starten kan det offentlige ta i bruk Linux som et
> virkemiddel. Åpen kildekode ville
> f.eks. kunne ha bidratt til å redusere det offentliges utgifter rundt år
> 2000-problematikken.
>
> En effekt av et slikt valg ville være å tvinge flere i programvarebransjen
> til å ha kildekoden
> åpen, og i større grad leve av brukerstøtte, skreddersying av programmer og
> annet...
> Og dette ville framskynde utviklingen av en mer brukervennlig Linux, og
> andre bra operativ-
> system med åpen kildekode.
>
> Jeg klarer ikke med en gang å se hvorfor Linux ikke er tjent med at f.eks.
> Kina har valgt å ta
> det i bruk i det offentlige. Kanskje du kan utdype synspunktet litt, Staurset?

Sjølv har eg ikkje brukt Linux, eg kjenner det berre av omtale i
tidsskrift m.m. Det kan hende eg tek feil i det eg skriv, men eg prøver
likevel.

Eg ser tre mulege grunnar til å byte ut Microsoft med Linux:
a) Ideologisk: bra med open og brukarstøtta programvare
b) Skepsis til Microsoft
c) Kvalitets- og kostnadsvurdering.

a) Linux blir assosiert med, men er ikkje identisk med, open kjeldekode.
Eg synest det er spennande og viktig at ein slags verdsomspennande
dugnad kan få fram noko så avansert. Dessverre vil den sida av Linux
komme i bakgrunnen etter kvart som systemet blir meir utbreidd og
kommersialisert. Dette er dessutan ikkje avgjerande når ein skal velje
profesjonell programvare, så eg går ikkje meir inn på det.

b) er viktig for mange, i ulike samanhengar. Etter det eg har lese (finn
ikkje att referansen no), vil Kina totalforby Windows 2000
(etterfølgjaren til NT) fordi dei mistenkjer det for å ha mekanismar som
gjer at Microsoft (og dermed amerikanske styresmakter) kan spionere på
brukarane. I staden vil dei utvikle kinesisk-språkleg Linux for sine
formål. Kanskje det er fornuftig sett frå deira side (dei kan vel leggje
inn sine eigne mekanismar), og kanskje det ikkje verkar særleg inn på
resten av Linux-miljøet, av reint språklege grunnar. Eg tenkte ikkje
spesielt på Kina i det eg skreiv.

c) er avgjerande for meg. Får brukarane mine betre programvare med å gå
over til Linux, så vil eg gå inn for det. Men dette har også ei
kostnadsside; det er ikkje berre snakk om å kjøpe nokre programlisensar,
men å leggje om heile produksjonslinjer og lære opp brukarane på nytt.
Derfor må vi vere rimeleg sikre på at dette blir ei løysing vi kan
trivast med i mange år framover. Vi må ha garantiar for at produkta blir
vidareutvikla og har støtte frå profesjonelle leverandørar.

Brukarar (inkludert meg sjølv) er ofte skeptiske til ny programvare, som
inneber at ein må gjere ting på ein annan måte enn før. Skepsisen blir
fort borte dersom ein opplever at dei nye verktya er betre enn dei
gamle. I motsett fall vil skepsisen feste seg og slå over på heile det
nye driftsmiljøet. Politiske vedtak som ikkje har rot i grundige
kvalitetsvurderingar, kan få slike resultat.

Ei statleg "satsing" på Linux i Noreg ville sannsynlegvis ha form av eit
rundskriv frå Sponheim: "Statlege og kommunale etatar skal gå over til
Linux." Utan pengar, anna enn til nokre forsøksinstallasjonar. Det er
den måten regjeringa plar vise "handlekraft" på. Resultatet - i den grad
nokon prøvde å gjennomføre dette - ville bli nokså kaotisk, og neppe gje
Linux noko godt rykte.

Eg håpar i staden at Linux-miljøet - eller nokon annan - slår Microsoft
på kvalitet og gode løysingar for brukarane, totalt sett. Ei skikkeleg
statleg satsing med utvikling av norskspråkleg programvare,
støtteapparat m.m. kunne ha bidrege til det. Dessverre ville det koste
pengar, som staten er livredd for å bruke. Endå viktigare: staten "kan"
ikkje gjere dette, av ideologiske og kanskje juridiske grunnar. Det
ville konkurrere med private leverandørar, som ville skrike opp om
"subsidiering" og få støtte av H, FrP, Ap og ESA.

Kanskje Frankrike likevel kunne gjere noko slikt, av andre ideologiske
grunnar (USA-motstand og kamp for språket), men etter det Bjarne Nærum
refererte tidlegare i dag, vart eit slikt forslag forkasta i senatet.

Det finst likevel eit statsapparat som gjer noko: National Security
Agency i USA vil no utvikle det dei kallar ein "sikker" Linux, sjå
http://www.pcworld.no/ekspress/artikkel.cfm?id=207. Blir det med open
kjeldekode, tru?

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:09 MET