Kven bestemmer over Klassekampen?

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: Wed Jan 19 2000 - 19:32:27 MET


Etter 30 års lesnad av Klassekampen og iallfall dei første 20 av dei med
Klassekampen som mi primæravis, vurderer eg, liksom Arne Apold i tidlegare
innlegg, om abonnentet skal fornyast. Først og fremst fordi avisa blir for
uvesentleg. Nyleg sette eg meg ned med eit firedelt ark. Som
rubrikkoverskrifter skreiv eg Klassekampen, Aftenposten, Nationen og
Information. Det er dei fire avisene me abonnerer på. Så skreiv eg ned tema
eg hugsa frå dei fire avisene dei siste månadene. Rubrikken til Klassekampen
vart sørgjeleg tom.
Mi første innvending er at avisa er lite oppteken av dei spørsmåla eg ser
som avgjerande, naturendringane, den globale oppvarminga, bioinvasjonane,
sjukdomsspreiinga, det rovfisket norske trålarar står for, hungerkatastrofen
som er på veg i mange land, krigen i Tsjetsenia og kampen for kunnskapar og
utdanning i vårt eige land. Om det meste av dette finn me anten ingen ting
eller berre NTB-meldingar og eigne, nokså tilfeldige og omtrentlege
artiklar.
Mi andre innvending er at avisa er prega av eit ujamt og stundom nokså lågt
journalistisk nivå. Det er med ei viss ulyst eg skriv dette, for det blir så
lett oppfatta som personkritkk. Og eg veit at den vesle staben i
Klassekampen står på. Somme av dei er også dyktige og kunne ha lyfta opp
resten av staben. Men med ein så snauskrapa stab blir det ikkje tid til å gå
grundig inn i sakene, å vege formuleringane fleire gonger eller å kritisere
ein kollegas artikkel før han kjem på trykk. Målet blir å produsere eit
tilstrekkeleg volum med ord.
Eit døme er Peter M. Johansen. Ikkje eit vondt ord om han, han er etter mitt
skjøn ein av Norges mest kunnskapsrike utanriksjournalistar. Men med ein
slik enorm produksjon som han har no, blir det ikkje høve til å vege orda
fleire gonger.
Mi tredje innvending er at avisa er prega av det kulturradikale
Oslo-miljøet. Særleg gjeld det det volumstore kulturstoffet. Kan eg ikkje
berre hoppe over det på same viset som eg hoppar over annonsane i
Aftenposten? Som lesar kan eg sjølvsagt det. Men problemet er eit anna. Det
er at dette stoffet og desse vinklingane står i vegen for at folk utanfor
dette miljøet skal kjenne seg vel med avisa. Om lag som at dei urbane og
straumlineforma Erik Solheim og Kristin Halvorsen står i vegen for framgang
for SV. Ikkje som medaktørar, men når dei i årevis blir brukte som
hovudaktørane for partiet.
For å vere litt meir konkret: Lær av svenskane når det gjeld
kulturjournalistikk. Av Jan Myrdal og Gun Kessle og Rune Lanestrand. Dei
forstår til skilnad frå Klassekampens skribentar dette med nordiske
kulturtradisjonar nedanfrå.
Mi fjerde innvending, og grunnen til at eg skriv dette, har å gjere både med
moral og politikk og gjeld majoritetseigar bak avisa AKP. Før eg skriv meir
om det, må eg nemne at min reaksjon er konkret og ikkje ein del av eit
allment oppgjer med partiet eller ei fråskriving av eiga fortid. Eg sluttar
meg ikkje til den allmenne fordømminga av AKP. Som gammal AKP-ar angrar eg
ikkje og har ikkje bitre kjensler, og eg er framleis open for at me i
framtida kan trengje eit parti med demokratisk sentralisme om me skal få
vårt skakkøyrde samfunn på kjøl att. Hadde AKP teke miljøtrugsmåla på alvor
i staden for sin naive teknologioptimisme, skulle eg ha vurdert å søkje om
medlemskap att.
Det har vore skrive side opp og side ned om formålsparagrafen for
Klassekampen. Også eg har vore med på det. Men knytt til dagens avis er det
ein skinndebatt. Den eigentlege, uskrivne formålsparagrafen lyder slik:
KLASSEKAMPEN HAR SOM FORMÅL Å BERGE AKP.
Jamført med smågrupperingar flest har AKP å sjå til ein enorm fordel:
Grupperinga eig ei av landets 64 dagsaviser. Utan eigarskapet ville det vere
overlate til den vriene oppgåva å utvikle og slåst for ein politikk. Med
avisa har partiet makt og posisjonar. Difor gjeld det å tvihalde på dette.
Nei då, eg trur heller ikkje det er slik at sentralstyret dreg i alle
trådar. Eg trur dei sjeldan eller aldri bryr seg om kva som står i avisa.
Ved redaktørskiftet to år attende etterlyste representantar for aviseigaren
fagleg stoff, utanriksstoff, prinsipiell tenking, analysar av sosialismen og
mangt slikt. Dei fleste av manglane står ved lag. Utanfrå var altså
redaktørskiftet ein palassrevolusjon. Men kritikarane har tagna. Når dei har
tagna, er det vanskeleg å sjå det på anna vis enn at poenget med kritikken
og redaktørskiftet frå mange av dei var eit anna enn å gjere innhaldet i
avisa meir revolusjonært. Det var å behalde kontrollen. Noverande redaktør
Michelet har den eigenskapen førre redaktør kanskje ikkje hadde: Han lystrar
når det trengst. Og no trengst det å drive på sparebluss som AKP-eigd avis.
Dei som synest dette er formulert for spisst, kan leite seg attende på dette
forumet til innlegga til Erik Ness og Pål Steigan. Når Ness skriv at
Klassekampen er Norges beste avis, meiner han neppe at avisa er den som
informerer best om dei viktige spørsmåla. Til det har Ness for god
vurderingsevne. Han meiner at avisa er best fordi ho sikrar AKPs framtidige
eksistens. Når Steigan kortformulerer seg slik: ”For meg er Tronds forslag
et forslag om å hindre at Klassekampen legges ned ved å legge ned
Klassekampen”, er det vanskeleg å tolke dette på anna vis enn at poenget med
avisa er at ho er akkurat den ho er, avisa som gjer AKP viktig.
Rundt om i dette landet finst folk og organisasjonar som treng ei opprørsk,
venstrevridd dagsavis og som gjerne ville vere med på arbeidet ut frå den
avisa som finst i dag. Om det skal skje, må aviseigaren lyfte vekk loket og
invitere andre med, også til å forme premissane. Ikkje ein eller to som
gissel, men med tilbod om medråderett og lesarmakt. Korleis skal avisa
omformast for at ho skal nå fram til miljøvernarar, til bønder som vil
forandre, til opprørske kvinner, til utålmodige distriktspolitikarar, må
både avis og aviseigar spørje. Kva med namnet, står det eller står det ikkje
i vegen? Bør delar av redaksjonen flyttast frå Oslo til Grong eller
Båtsfjord? Har eg rett i at den urbane kulturradikalismen er eit hinder?
Står kravet om revolusjonært arbeid i formålsparagrafen i vegen? Etc.
Eg trur mange som drøymer om ei betre verd, ville vere med på dette. For ei
god avis er ein reiskap for å gjere draumen til røyndom.
Men dei fleste held seg unna, for dei møter den haldninga partisekretær
Asgeir Bell formulerte slik i debatt med meg på dette forumet i fjor:
"Etter mitt syn er det å stryka revolusjonært og sosialistisk i plattforma
det same som å gje marknaden og den dominerande borgerlige offentligheiten
fritt spelerom. Det gjev ikkje ei nøytral avis, men DET VIL GANSKE SNART GJE
EI ANTI-REVOLUSJONÆR AVIS” (mi utheving).
Då er det ikkje mykje att å diskutere. Når skiljelina går mellom dei erklært
revolusjonære og sosialistiske og resten. Mellom AKP og resten.
Slik er parolen Ten folket bytt ut med Ten partiet. Det er ikkje berre til
skade for avisa og folket, det er også over tid til skade for partiet. Om
AKP skal vere i stand til å utvikle seg, må det skje gjennom politisk
analyse og - praksis og ikkje gjennom posisjonar. Mange historiske røynsler
viser at den organisasjonen som tviheld på makt gjennom posisjonar, vil
visne.
Klassekampens majoritetseigarar har altså valt medvite. Dei har valt ei
lita, perifer og AKP-eigd avis framfor det offensive avisarbeidet
venstresida treng. Den sannsynlege utgangen av dette valet er at avisa blir
nedlagd som dagsavis. Den sannsynlege utgangen er også at AKP slumrar inn
til NKP-nivå. Ikkje noko av det er bra. For både Klassekampen og AKP har to
i seg til å bli meir og viktigare enn dei er i dag.
Om ein annan utgang skal veljast, må AKP ta steget og seie at dei vil
erstatte kontroll med påverknad gjennom argumentasjon og ein representasjon
som er høveleg stor i forhold til lesargrunnlag. Dei må altså ta eit oppgjer
med det synet partisekretæren målbar i sitatet over. I så fall trur eg mange
som no eller i tidlegare rundar har teke same avgjerda som Arne Apold har
gjort og eg truleg er i ferd med å gjere, vil ombestemme oss, abonnere,
skrive, gje pengar, tenkje nytt omkring avisa og gjere vårt til at ho på
nytt kan bli ein lokal reiskap i arbeidet med å skape ei betre verd.
Eg trur også at sjansane for at AKP skal få ny vekst, vil auke.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:08 MET