Re: Moetet om KK-kulturen

Magnus Marsdal (marsdal@mail.norconnect.no)
Thu, 31 Oct 1996 22:16:49 +0000

>
> Kunne noen ta seg bryet med gi et slags kort referat fra TV-debatten mellom
> Ekeland og Roessaak?
>
>

Jodå, no skal du høyre.

Eg så diverre ikkje det heile, berre det meste. Eg har ikkje video
for tida, så dette er heilt upresist og ufullstendig etter minnet.

I tilleg til Ekeland,
Røssaak og Skavland var Jostein Gaarder der, sikkert avdi han gjev ut
ny bok no.

Skavland er smart, og "tok" Røssaak ganske mykje. T d : "Jo men du må
vel være enig i at det er en del stoff her som ikke passer helt i en
dagsavis, slik som det spørsmålet jeg leste i sted og ikke GIDDER å
lese en gang til?" Røssaak var ikkje direkte offensiv i sine svar.

Han framprovoserte eit og anna ukvemsord i stua då han omtalte den
tidlegare målgruppa for avisa (70-talet) som folk som var mest
opptekne "av å springa kring i gatene", eller noko slikt. (Vi har
altså fått presentert for oss eit skilje mellom dei som er mest
interesserte i ideologi, kritikk og intellektuell debatt, og dei som
er (var?) mest interesserte i å springa kring i gatene. Slik det er
no, har eg vandt for å sjå ei einaste revolusjonær eller progressiv
rørsle i verdshistoria som ville hatt bruk for dei standpunkta
Røssaak tek i nett dette ordskiftet. Den franske revolusjonen, ANC,
Martin Luther King, Black Panther Party, kven som helst: Kjem du
trekkjande med eit slikt syn overfor røynlege radikalarar og
progressive, trur eg du gjer lurt i å springa unna så snøggt råd er!)
(Eg innså nettopp at eg har forlete oppdraget med å referera. Ja ja.)

Gaarder er som kjend verdsmeister i å (over)forenkla filosofi så
mykje at sjølv små born kan forstå(?) det, og det var mykje med
utgangspunkt i dette at han vart stilt spørsmål. Gaarder var ganske
diplomat ("du burde blitt fredsmegler" sa Skavland), men uttalte seg
rimeleg klårt om at det er strengt påkrevd at ein populariserer
stoffet tilstrekkjeleg for det mediet ein skriv i, og tok, i mine
øyre, til ein viss grad stilling til denne delen av ordskiftet, på
riktig side. Gaarder, ein av verdas mestselgjande forfattarar, sa
også på laiv televisjon, praim taim: "Jeg abonnerer selv på
Klassekampen og synes det er en god avis". Meir reklame enn dette
oppropet har skapt har ikje marknadsavdelinga på KK klårt med fire
gongar fem årsverk, så 3 gongar hipp for KK-forum og alle einaugde
antiintellektualistar!

Ekeland synte til at det faktisk EKSISTERER ein marxistisk tradisjon
som ikkje er lik den "stalinistiske" som "vi alle" kjenner så alt for
godt frå Syttitallet, underforstått at Ekeland har hatt rett ganske
lenge, og at Hoem berre har sklidd frå ei uproletær grøft til ein
anna osfr... (Mrk: underforstått, han sa ikkje desse tinga.)

Ekeland konkluderte utmerka med at the bottom line her er det store
spørsmålet: For kven? For kven er det vi skriv, Røssaak.

Skavland stod for heile kulturdebattens høgdepunkt då han avslutta
sendinga med å ynskja lukke til (eller noko slikt) til
"kulturredaktøren i Morgenbladet. Da er det slutt her fra.... eh..
hva sa jeg?..* Klassekampen* mener jeg selvfølgelig.... he he...Og da sier
vi......) (Vill jubel i stua, denne vestkantguten er Vår Mann!)

hipp håpp dånt ståpp

Magnus E Marsdal