Vil_Jagland_lytte spør MR NTEU

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 28 Oct 1996 08:20:57 +-100

Vil Jagland lytte?

Folket sa nei til EU-medlemskap 28. november 1994, men også etter denne
folkeavrøystinga ser Arbeiderpartiregjeringa ut til å sjå på resultatet
som eit tilfeldig utslag av irrasjonelle krefter i folkedjupet.

Regjeringa og resten av ja-sida ønskjer ingen debatt om EU, og media -
med få unntak - forsømmer informasjonsplikta si.

Statsminister Jaglands kommentar til det norske nei var at regjeringa
skulle overgå EU i EU-politikk. Det ser ut til å vere politikken som
vert ført - men vi spør - med kva rett tar nå regjeringa sjumilssteg
inn i EU?

Regjeringa planlegg og gjennomfører tilknytning på alle område av den
Europeiske union. Nei til EU ser det slik at fleirtalet av folket sa
nei til den kritikklause tilpasninga til Det indre marked gjennom EØS.
Folk ønsker heller ikkje Politi og overvakingssamarbeid gjennom
Schengen, Militærsamarbeid gjennom Vestunionen og Den økonomiske union
gjennom Valutaunionen.

Vi er redde for at ja-sida sin strategi no er å fjerne alle argument
mot medlemskap ved å selje sjølvråderetten bit for bit og slik gjere
landet vårt til eit nesten-medlemsland der berre ein viss "medråderett"
i form av formell røysterett manglar.

DNA ser ut til å ignorere at det norske folket sa nei og driv no ein
utmattingspolitikk overfor nei-sida. Vi ser derfor positivt på at
Jagland no går ut og seier at han vil betre kontakten med folk og vonar
at han og er viljug til å lytte.

Fråsegn frå årsmøtet i Møre og Romsdal Nei til EU, 26.10.96.
Innsend av Lars Staurset, avgått nestleiar og sekretær.