Motopprop

Raud Ungdom Trondheim (rrvadm@interlink.no)
Fri, 25 Oct 1996 14:31:52 +0100

Ja, no staar det forjetta "motoppropet" paa trykk, og her er det ikkje
smaatterier aa heve oeyenbryna over. Reint bortsett fraa at sjølve oppropet
inneheld faktiske feil, so tar intervjuet med Holtet Larsen kaka. Eg skal
ta for meg noko av det han seier. (Merk foroevrig at ingen av
initiativtakarane til det opprinnelege oppropet er intervjua i samanheng
med "motoppropet" - daarleg journalistikk, om du spoer meg)

Holtet Larsen kjem med direkte feil i intervjuet naar han seier at "...å
kreve kulturredaktoer Eivind Roessaaks hode paa ei paale er ingen debatt"
Det er eg samd i, men det faar da vera gernser for aa kappe hovudet av
straamenn! Ingenting i oppropet, og saa vidt eg veit, ingen av opproparane,
har krevd at Roessaak maa gaa, langt mindre hovudet hans.

Om vi lese lengre ned, faar vi hoeyre at det her dreier seg om at "Paal
Steigan & Co ikke maa faa lov til aa definere hva venstresida skal vaere
eller hvordan den skal ytre seg" Grovt, Larsen! 1)Dette er billig
personhets. No trur ikkje eg at Steigan lar slikt gaa saa mykje inn paa
seg, han har vel vaert ute i verre stormar foer, men uansett... 2)Du seier
ingenting om kvifor "Paal & co" ikkje skal faa definera kva venstresida er.
Om du meiner det, saa faar du i det minste seie kvifor 3)For dei som har
fulgt ordskiftet, men ikkje veit kven Steigan er, seier dette ingenting
4)Steigan er berre ein vanleg underskrivar paa oppropet. Saaleis kunne
Holtet Larsen like gjerne nytta Ekeland, Andresen, Marsdal, Sundet eller
undertegnede, men det ville vel ikkje passa inn i Larsens skremselsbilete?

Men den verkelege rosinen faar vi lengre ned. Der seier Holtet Larsen "Ja"
paa direkte spoersmaal om det er ei konflikt mellom det aa vera folkeleg og
intellektuell. Tenk gjerne over ein gong til kva det er Larsen har sagt
her. Det vil seie at ein kar som Hans Rotmo ikkje er intellektuell. Andre
folk det gjeld: Tron Oegrim, Jan Myrdal, Kjersti Ericsson eller for den
saks skyld Mao. Ikkje berre det, han gjer det til ein
"generasjons-konflikt" - Han og hans generasjon er "ikke like opptatt av aa
framstaa som folkelige, mye fordi forrige generasjon mislyktes." (!)

Sjoelve oppropet er intellektuelt uredeleg; i det staar det at "Blant dem
som skriver under, er det blitt tatt til orde for at Klassekampens
kulturjournalistikk boer underlegges direkte styring fra aksjonaerene for
aa sikre en mer "korrekt" linje" For det foerste kan eg ikkje hugse aa ha
lese dette paa KK-f, for det andre er det daa likegyldig for sjoelve
oppropet kva enkeltunderskrivarar har teke til orde for.

Ellers blir vi stempla som "aggressiv, herskelystne og lettvinte".

Det var berre mine kjappe reaksjonar paa "motoppropet", men kva GJER vi?
Personleg synes eg dette er i ferd med aa "ta av", i det minste synes det
at opposisjonen har mista ein kvar bakkekontakt, og dei har alle dei
borgarlege mediespaltene dei vil aa boltra seg i.

Paal Hellesnes, ein av underskrivarane