Re: Har Klassekampen fått solstikk?

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 23 Sep 1996 15:25:03 +-200

Kommentar til oppropet frå Anders Ekeland:

> ----------
> From: Anders EkelandÆSMTP:andersek@sn.noÅ
> Sent: 23. september 1996 15:36
> To: klassekampen-forum@interlink.no
> Subject: Re: Har Klassekampen fått solstikk?Date: Thu, 22 Aug 1996 06:04:43 +-200

o.s.v. (teksten er utelaten her).

1. Sjølv er eg så "esoterisk unnvikende" (heiter det det?) at eg
ikkje les dette stoffet, men eg er imponert over at nokon gjer det
og samlar så mange sitat. Eg har ikkje noko spesielt mot at stoffet
kjem på trykk, om det kan glede nokon, men KK burde vel ha
viktigare ting å fylle spaltene med?

2. Oppropet bør gjennomarbeidast meir. No er det litt tungt å lese, og
ikkje berre p.g.a. sitata.

3. Dersom målgruppa er folk utanom KK-forum, bør ikkje oppropet vise
til noko som har stått berre der.

Lars Staurset