Re: moralist-marsdal

marsdal@norconnect.no
Wed, 18 Sep 1996 17:48:52 +0200

Nuvel, her skjer det da noko. Tenkte eg då eg så at TB har skreve eit
alvorleg svar til mitt "Cupido er porno"-innlegg. Og det gjer vel det?

Eg er samd med TB i hans syn på problemet moralisme, sjølv om eg meiner
dette er langt meir trefande for delar av miljørørsla enn det er for
kvinnerørsla. Eg er samd i at det fører til lite å individualisera løysinga
på store samfunnsproblem, t d " flytt ut i barhytta i skauen". Strategiar av
denne typen er individualistiske, småborgarlege, moralistiske og
reformistiske (4 ting på ein gong, det går da ikkje an! Jo.) . Difor vil eg
gjerne sitera mine meiningsfeller i Ottar, som tidleg i Ingrid
Brekke-porno-debatten skreiv at "vi fordømmer ikke folk som blir kåte av
porno". Les gjerne sitatet ein gong til. Eg er samd i det Ottar her seier.

Det handlar ikkje her om å krypa inn under dyna til presumptivt radikale
menneske med føremål om å kastrera dei dersom porno er å finna. Korkje RU
eller Ottar har ført kamp mot porno på dette individuelle nivået, vi driv
ikkje moralisme. Men vi seier høgt kva vi meiner når
"venstre-pornoliberalismen" kjem offensivt ut i offentlege ordskifte. Og då
talar vi òg gjerne om kva funksjon t d Cupido har, og sidan det er
einskildmenneske som les Cupido, får sjølvsagt ressonnementet ei knyting til
kva einskildmenneske les. (Td Samanhengen mellom kva ein les og kva ein
byrjar meina: " Cupido splittar oss i praksis (folk byrjar lesa porno),
standpunkta fylgjer etter.") Men dette er ikkje moralisme, etter det eg kan sjå.

Ein annan ting som lyt klårast opp i:

TB skriv:
hva vil du tillate? Ikke Cupido, neivel, gjerne for meg, det er ikke så
nøye, jeg var så dum å innrømme at jeg faktisk har lest noen innlegg i dette
bladet...

Ehm, eg må inrøma: Eg har aldri gått inn for å forby Cupido. Eg har vel
ikkje ein gong nytta ordet forbod. Konklusjonen eg vil trekkja av mine
standpunkt mot ulike delar av pornoen er ikkje alltid at eg vil ha forbod
mot noko (som oftast *ikkje*, faktisk, unnateke parneporno, valdsporno
etc.). Konklusjonen er at eg ikkje les porno sjølv, og aller viktigast: At
eg arbeider for at folk skal ta standpunkt mot porno, og organisera strid
mot pornobaronane og deira forkjemparar i ulike frakkar (slæpp åff, TB
høyrer ikkje til ein av desse kategoriane, etter mitt syn).

Å forby ting i hytt og ver er ein dum måte å føra politisk kamp på. Etter
forbod mot kapitalisme, porno og all mogleg vestleg faenskap i Aust-Europa i
50 år, vart kapitalismen gjeninført, til massanes jubel. Forbod verkar
sløvande på motstanden, gjer martyr av fienden, og kan ofte ikkje stoppa det
ein forbyr. Her er vi vonleg samde TB, du som er anti-moralist.

Som ein ser av Ottar-sitatet lenger oppe, erkjenner eg at det finst eit
slags skilje mellom kampen om samfunnssyn og kampen om personleg moral. Men
eg vil då ikkje vera med på å trekkja "tosidighetetn" inn i mine eigne
standpunkt. Eg kan då ikkje slakka av på standpunktet mot imperialismen
eller mot rasismen, sjølv om eg ser at "Ola Nordmann" har "nytte" av begge
delar i einskilde høve! Porno og kvinneundertrykkjing blir ikkje mindre
reaksjonært, splittar ikkje arbeidarklassen mindre, berre fordi det er slik
at "vanlege folk" og jamvel TB les porno.

Dette er ikkje snakk om "unyansert", det er snakk om eit standpunkt. Og
heller enn å "nyansera" standpunktet sitt etter eigen praksis, føreslår eg
at TB gjer det motsette. Som ei mellombels løysing kan ein òg meisla ut gode
stanpunkt medan praksisen får hengja etter, fram til den politiske
overtydinga blir sterk og solid nok.

MAGNUS ENGEN MARSDAL