Takk til KK!

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Wed, 28 Aug 1996 08:24:18 -0400

I dag sender eg ut nyaste nr. av Lokallagsavisa, eit internt informasjonsblad for Møre og Romsdal Nei til EU. Under arbeidet med det har eg hatt stor nytte av artiklar i KK den siste tida. Det har stått om traktatrevisjonen, grunnlovssaka i Danmark, salmonella, resistente bakteriar, EU-direktiv om barnemat og mykje anna.

Tidlegare har KK hatt god dekking av Schengen, og det håpar eg vil halde fram i haust: frå 10. september skal NTEU ha landsomfattande kampanje om saka. KK-lesarane er ei viktig målgruppe; sjølv om dei kanskje har dei "rette meiningane" frå før, treng dei (vi) kunnskap og kanskje eit "spark bak" for å bli aktive. (Mange har no hatt snart to års "EU-ferie", og det er meir enn nok.)

Lars Staurset
Nestleiar i MR NTEU