Furet-debatten

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 26 Aug 1996 09:27:12 -0400

Denne tre-siders artikkelen bladde eg rett forbi den dagen han stod, tilliks
med mykje av det andre kulturstoffet. No i helga gjorde eg eit forsøk på å
lese han, sidan han har vekt slik debatt.

Anders Ekeland og andre har peika på konkrete feil, merkelege formuleringar
og uheldige vinklingar i artikkelen, og dei har sikkert rett. Det som slo meg
som den største veikskapen, var mangelen på materialistisk analyse. Var det
berre idear som skilde Stalin, Krustsjov og Gorbatsjov? Kva med krigen, den
økonomiske utviklinga i Sovjet-samfunnet, det teknologiske kapplaupet med
Vest, miljøkrisa, følgjene av det militære eventyret i Afghanistan?

Sjølv er eg ingen lærd mann på desse områda, og kva Furet er, anar eg ikkje.
Han må sjølvsagt få lov til å meine det han vil, og gjerne få det på trykk.
Eg skjønar ikkje kva KK meiner med å bruke så mykje spalteplass på noko som
lesarane - venstresida - ikkje kan lære noko av. Dersom Furet er ein viktig
person i lærde krinsar på høgresida, slik at vi andre bør vite litt om han,
hadde det vore nok med ein halvsides presentasjon.

Lars Staurset