RE: Om "Gro"

Lars Staurset (lars.staurset@it.statkart.no)
Mon, 19 Aug 1996 16:25:29 -0400

Hei, Magnus!

>> Hallo Paul red.

Kven er Paul? Det er 5873 med det namnet i Noreg. Ein av dei har tydelegvis
interesse for dette forumet, og har kanskje lese det du skreiv. Sjølv deler
du førenamn med 8747 personar, medan det finst 8269 stk. Gro (og 18095 Trond,
berre for å ha nemnt det).

For å bli seriøs: Sjølvsagt veit eg at du meiner redaktøren i Klassekampen,
og eg er samd i det du skriv. Poenget mitt er at regelen med å bruke fullt
namn også bør gjelde her på forumet (og i avisinnlegg, møtereferat og dei
fleste andre stader). Dersom vi skal referere til ein person fleire gonger,
bør vi bruke fullt namn (somme gonger også tittel) første gongen. Seinare kan
vi korte ned til førenamn, etternamn eller initialar.

>> Problemet er: Klassekampen skriv "Gro" om statsministaren. Kommentaren etter
>> svensk TV-flausa er eit godt (dårleg) døme. Dette meiner eg er å stilla seg
>> midt i ein tradisjon og sjargong for "politisk kommentar" som KK bør halda
>> seg langt unna og vera eit alternativ til.

Ein viktig grunn til "Gro"-bruken er kanskje ikkje politisk, men at folk trur
etternamnet til statsministeren er så urimeleg langt. Etternamnet skal vere
"Brundtland", og det er ikkje meir enn det går an å skrive. "Harlem" er
mellomnamnet hennar, og ikkje ein del av etternamnet.

Lars (ein av 28667) Staurset

P.S.: Tala ovafor kan finnast på:
http://www.ssb.no/www-open/trykkher/navnesoek/navnesok.html