Om "Gro"

rv (rv@sn.no)
Sun, 18 Aug 1996 16:58:52 +0200 (MET DST)

Hallo Paul red.

Eg tenkte fyrst at eg ikkje skulle nemna dette, men så har eg snakka med
fleire som tenkjer det same som meg, og seier at "dette må vi gjera noko med".

Problemet er: Klassekampen skriv "Gro" om statsministaren. Kommentaren etter
svensk TV-flausa er eit godt (dårleg) døme. Dette meiner eg er å stilla seg
midt i ein tradisjon og sjargong for "politisk kommentar" som KK bør halda
seg langt unna og vera eit alternativ til. Truleg er ikkje dette
kontrversielt å hevda, og ikje nokon big deal. Det er berre å skriva
statsministar Brundtland, og det klårer vel ein journalist, sjølv om ho/han
vegeterar i ein av dei mest Groete delane av dette Gro-landet?

(På eit vis er kanhenda bruken av "Gro" berre eit symptom, for etter det eg
hugsar var det lite i den nemde kommentaren som skulle tilseia at KK er ei
"nisjeavis" for "venstresida". Dette er vel spørsmålet om "politisk profil"
enno ein gong.)

Magnus Engen Marsdal

--
- rv