Farvel til Stalin & Co

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Tue, 11 Mar 1997 07:02:58 +0100

Ein liten kommentar til Stalindebatten:
Eg er fødd i -67 og har ikkje lese eit ord av Stalin & Co, og kjem neppe
til å gjere det heller. Det store fleirtalet av folk oppfattar Stalin &
Co som monstre frå fortida, og sannsynlegvis med rette. Kva appell har
Stalin til folk? Zero.
Eg ser at kapitalismen er rota til mykje vondt i verda, og vil gjette på
at han undergrev seg sjølv. Eg trur at ei omvelting vil kome, men eg
trur ikkje AKP vil spele noka stor rolle i ho, og eg trur (vonar) at ho
vil finne si eiga form som vil ha lite å gjere med Stalin & Co; det var
noko med historiske føresetnader? (Vi har jo ikkje kulakar i Gnore, men
det kan bli tøft å tvangskollektivisere Lundteigen :-) ).

De må gjerne fortsette å forsvare Stalin utifrå tesen om "noko godt,
noko dårleg har alle", og det har dei rett nok. Men dinosaurane er daude
no.

Helsing Jon Aarbakke