Re:Alnabru-slaget

Magnus Marsdal (marsdal@mail.feskar.net)
Thu, 13 Feb 1997 16:32:30 +0000

Eg var sjoelv paa Alnabru den dagen, og veit
>
> 99,9% sikkert at INGEN fraa Raud Ungdom var med paa aa knuse ruter.
>
> Tvert imot var det ein liten gjeng RUarar som tok initiativ til
>
> aa ropa slagord MOT knusinga naar ho starta aa "ta av". Ruteknusinga
>
> var det, saa vidt eg veit, folk kring AFA/Blitz-miljoeet som tok seg
>
> av. (Eg er troender, og kjenner dei ikkje godt nok til aa vera
> sikker)
>

Det du KAN vera sikkert på er at RU-leiinga sitt syn er at
macho-framferda til "fortroppen" på Alnabru ikkje tener antirasismen.
Ikkje berre dét, men Raud Ungdom ser det som ei oppgåve å "motverka
valdsromantisk sekterisme på venstresida". Dersom avis-innlegg frå
RU-medlemmer har gjeve eit anna inntrykk er dette å beklaga. Eg ser
Raud Ungdom er under åtak frå ein i Gateavisa i dagsens KK. Eg kan
ikkje anna enn seia meg samd i det han skriv, og med glede hevda at
fleirtalet både i leiinga og mellom medlemmene i Raud Ungdom deler
mange av dei synspunkta som kjem fram i dette avisinnlegget.

Fram for den røynlege venstresida! Knus nazismen! Knus kapitalismen!

Magnus Marsdal
Raud Ungdom SST