Re: RVlista i Oslo

Magnus Marsdal (Magnus@del.feskar.net)
Fri, 7 Feb 1997 23:08:32 +0000

> Hva ER det som gjør Kaja Storvik Hansen kvalifisert til dette?
> >

. Det er nå så at du aldri har
> hørt om en av RUs mest kjente medlemmer de siste åra, og at du vil undersøke
> og spør hvem hun er.

Jaha? Mest kjende? Utan å ha hatt høgare verv, korkje i RU eller
andre stadar? Utan å ha vore aktiv som debattant i KK eller andre
stadar "kjende" folk i rørsla debatterer? Kjend frå kva då?

Personleg trur eg ikkje Andresen ville vore like ivrig på dette
spørsmålet dersom
Storvik ikkje var AKP-medlem, og eg trur kanhenda ikkje Ness hadde
teke like hardt i ("en av RUs mest kjente..") heller. Eg trur altså
at det som irriterer Andresen er at *AKP* "stiller med" så ukjende
folk som Rudd og Storvik til listetoppen. Altså meiner eg dette
ordskiftet går LITT kring grauten, sjølv om sjølve spørsmålet om
desse folka eigentleg er kompetente sjølvsagt er ein diskusjon dersom
folk tviler på dette.

Det må også koma fram at MANGE har vorte spurt og sagt nei, til dømes
Marit Danielsen, Marte Michelet, Siri Jensen, så ein kan jo berømma
dei unge jentene for å ha stilt opp, kanhenda. I tillegg er det slik
at nominasjonskomiteen hadde det som "premiss" at dei 4 etter Erling
SKULLE vera kvinner. Og då blir det jo straks færre å velgja i.

Det lyt vel òg koma fram at 4 av dei 5 øvste på lista
(stortingsgruppa?) er AKParar, altså ikkje veldig representativt
dersom dette blir RVs einaste representant og såleis ei
stortingsgruppe for heile RV og heile landet. Samstundes er AKP for
tida LITE ivrige etter å sikra noko som helst fleirtal i landsstyret
i RV. Altså verkar det som om dei satsar på å ha makta i
stortingsgruppa og kanhenda i bystyregruppa i Oslo. Forsåvidt naturleg
så lenge ein ser på RV som ein valfront og dermed det parlamentariske
arbeidet som det sentrale. Ja-ja, nok synsing.

>
> For sikkerhets skyld: jeg synes ikke debatten om hvem folk er, erfaring, osv
> er uvesentlig - og det er OK på KK-Forum, men det hadde vært å ønske en mer
> konstruktiv vri/holdmning fra d'herrer.
> erik

Samd i det, du.

Mingus