Proporsjonar i debatten om KK

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 18 Nov 1997 13:42:02 +0100

Kan hende er dette heilt nyttelaust, likevel vil eg freista å sei noko om proporsjonar i debatten om avisa Klassekampen..
Teoretisk kunnskap er ikkje det same som teori forståing. Stundom er det slik at teoriar viser seg å vere/ikkje vere haldbare gjennom uttesting av dei, praktisering av kunnskap eller vitskapleg læring - slik oppstår teori forståing. Den som berre har eit teoretisk forhold til mat, gjennom å lesa menyen, vil aldri verta mett og heller ikkje oppdage smaken. Menyen er ein abstraksjon av maten, slik teori er abstrakt frå handling. Det er ikkje uvesentleg å skilje mellom det abstrakte og det konkrete. Boksamlinga mi er ein abstraksjon av mine einskilde bøker, derfor er det ikkje slik at eg hiver heile boksamlinga mi om eg vel å kassere ei bok. Det er forskjell på makro og mikro - brukar ein makro teoriar til å forklåre einskilde hendingar (mikro) vert stundom innpakninga så stor at ein knappast er i stand til å oppdage innhaldet.

Det er ein relasjon mellom varmt og kaldt, godt og dårleg, rettferd og urett, sanning og løgn, glede og sinne. På våre kantar er det ei akseptert sanning å hevda at det er varmt ute med + 8 grader C i desember, men ikkje i juni/juli - det vert relatert til årstida. Det handlar om tid og stad. Å hevda at grauten er kald fordi den ikkje fræsar når du spytta på den, er å nytta smeden sine kunnskapar på kokken sitt område - det er heller ikkje uvesentleg.

Kvifor vel eg ei slik innleiing? Fordi det er noko med proporsjonar i denne debatten om avisa Klassekampen, som for meg vert ubegripeleg. Kan hende skulle eg berre ha halde meg unna, kan hende skulle eg berre ha lent meg attende og teke inn andre inntrykk, kan hende ville eg då ha levd eit "søtare liv", dyrka meg sjølv i den sosialdemokratiske åkeren. Fleirtalet av dei eg kjenner gjer det, og stort sette er dei, i sosiale samanhengar, likandes folk. Dei har mykje av det eg ikkje har gjeve meg sjølv tid til, mest betalt huset dei bur i, flott oppdyrka hage, hytte, garasje - ja, det manglar ikkje på "grøde" i denne sosialdemokratiske åkeren for den som evnar å finna "rette plass å suga til seg næring". Når eg ikkje har valt slik har det noko med andre behov hjå meg å gjera. I abstrakte samanhengar kallar eg dette mitt klassestandpunkt, ved konkretisering av innhaldet i det må eg, for min eigen del, ty til forklåring av kjensler, som oppstår i meg når eg opplever det som for meg er urett
, og dei konkrete handlingane eg iverkset knytt til desse kjenslene. Det er desse handlinga som er solidaritet og det konkrete innhaldet i klassestandpunktet, ikkje makro teoriar om kva dette er heller ikkje propagandaen om eit framtidig samfunn.

Denne abstraksjonen - klassestandpunktet - gjev meg hug til kunnskap og djupare forståing og inspirerer til lesing og studiar. Det er ein fare ved det, ein fare i å verta så oppslukt av teorien, bli så dogmatisk, at ein gløymer å utøve innhaldet i klassestandpunktet - då vert berre abstraksjonen att utan innhald. Ein abstraksjon til "forherligelse" av eigen intellektuell dyrking, slik dyrking fremmar neppe tilliten til kommunistisk arbeid hjå massane.

For meg er det dette striden om avisa Klassekampen handlar om, kva slags klassestandpunkt denne avisa, på redaksjonell plass, tek. Det vert å vurdera konkret korleis denne avisa, i praksis, utøver dette klassestandpunktet - korleis den vert eit nyttig verktøy i kampen mot urett. Vidar Holm skriv dette så glimrande i dagens avis (tysdag 18. nov.), sitat: "I tillegg må avisa bli et kunnskapssenter, hvor kampanjejournalistikken følges opp av etterettelig dokumentasjon til hjelp for oss som ikke sitter inne med alle tall og politiske dogmer, når vi skal diskutere med kamerater og svigermødre som er overbevist om at en så kjekk kar som Jens Stoltenberg nødvendigvis har rett i alt han sier og gjør".

Dette hasta det mest med for meg - altfor lenge har avisa hatt ein profil som ikkje har tent denne rettferdskampen. Så kan ein vera usamde om måten dette vart gjennomført på, i ettertid kan det hende at der er mykje å kritisere og lære av, men berre dersom ein gjev det dei rette proporsjonane. Berre dersom ein er samde om at endringa var naudsynt. Berre dersom ein meinar at avisa Klassekampen må framvise eit slikt klassestandpunkt som det Vidar Holm og Torill Enger Karlsen i dagens avis gjev utrykk for. Eg trur faktisk desse to kan kommunisere med kvarandre, dei vel proporsjonar som gjev grunnlag for dialog.

Difor synes eg det er noko trist at ikkje også andre kan gjera det, vera ærlege i høve til innhaldet i klassestandpunktet sitt - sjølve analysere kva slags interesser deira handlingar tenar, klart og tydeleg gje utrykk for kva slags avis dei ynskjer seg, som til dømes du Sigurd Allern.

Til slutt vil eg sei til dykk som er medlemmar og leiarar i AKP, definera ikkje interndemokratiet i partiet så snevert at de ikkje kan delta med truverd i den allmenne debatten. Dersom de vel å utforme rette "liner" på alskens mikro misser de for perspektivet av syne, og vert så seindrektige (trege) at de ikkje maktar henge med i den daglege kampen - ein misser fort tillit dersom ein ikkje vågar å delta i debatt med folk, før ein har forvissa seg om at dette er eit vedteke standpunkt frå partiet. Ver så snill å ikkje hopp ned i byråkratiet sitt myrkje - folket er ikkje der, der er ingen trivnad.

MHH Olve Steinset