Re: SV: Troverdighet

Paal Hellesnes (paal@torsk.feskar.net)
Wed, 19 Nov 1997 10:26:48 +0100 (MET)

Her les du meg feil, Anders. Eg meiner ikkje at KN representerer ein "tung
tendens som vil dra KK mot hoeyre". Det eg sa var at han har eit heilt
klaart prosjekt ("Nei-avisa") som ikkje stemmer med dagens
foeremaalsparagraf. Dette trur eg ikkje du er usamd med meg i. Truverdet
kjem inn naar KN er ein av dei sentrale personane kring oppstartinga av
FFVD - for om KN er med der, tyder det daa at FFVD staar paa KN si line?
Eg oppfattar i alle hoeve ikkje at du gjer det, men det er heilt legitimt
av Jon M aa setta spoersmaalsteikn ved dette.
Dette koker ned til eit spoersamaal om "revolusjonsaer og sosialistisk"
avis eller ikkje. Eg oppfattar det som at du, Anders, er for det, men eg
har enno ikkje sett nokon garanti fraa FFVD om at dei stoer
foeremaalsparagrafen. Om det er av di eg har oversett det, sett eg pris
paa aa verta korrigert.

For ordens skuld: Eg ser paa KN som ein stor politisk helt, og meiner at
hans bidrag for arbeiderklassen har vore stoerre enn dei fleste av oss kan
skryta av. MEN: eg er usamd med han om kva for avis KK skal ver, saa
enkelt er det.

Kh
Paal Hellesnes