SV: Troverdighet - til KVJ

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 18 Nov 1997 00:54:13 +0100

Karsten Vedel Johansen skriv, sitat:
"Hykleriet er til å ta og føle på. Med hensyn til stempling kjenner jeg lusa på gangen. Forargelsen hadde vært mere rørende, hvis den ikke hadde vært så åpenlyst politisk betinget. Når det gjelder Steinset, må jeg si at her taler den lede nok forarget om synden i høyere grad enn i de fleste andre tilfeller."

I høve til den siste setninga eg heiv på i innleiinga til min "oversetting av Hans Ebbing sine hieroglyfar", kan det hende eg fall i freistinga for å "slenge litt med leppa" - kunne nok ha argumentert politisk mot innhaldet i staden for å skrive, sitat: "Det er ikkje så mykje å rope hurra for, men han får i alle høve gjeve utrykk for sitt syn." Eg valde å klippe inn innlegget til HE fordi eg tykte kommentarane retta mot han vart noko billege. Så vart mi eiga framfer like billeg kan ein sjølvsagt hevda, likevel tar ikkje det frå meg retten til å vera samd i kritikken i ettertid. Eg trudde faktisk du meinte det var ein positiv eigenskap, men kan hende tok eg feil.

Når det gjeld innlegga frå deg Karsten, så må eg sei at eg ikkje klarer å hisse meg noko særleg opp over dei. Stundom synest eg du argumenterer godt og politisk, men så skjærer det plutseleg heilt ut - eg fattar ikkje kvifor du på død og liv skal halda på denne forma, men du om det. Nokon aggresjon mot deg har eg på ingen måte - du skjønar for meg er det slik at eg, og eg skriv berre på vegne av meg sjølv, tenkjer stundom når eg les innlegga dine "ja, ja - så fekk han no sagt det". Slik er det berre. Eg er ikkje heilt sikker, men eg trur det var Hanna Kvannmo som ein gong sa: "Jeg er svært kresen når jeg velger hvem jeg skal la meg fornærme av", eg tykte det var klok tale.

MHH Olve Steinset