Ordskiftestil m.m.

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Mon, 17 Nov 1997 15:24:04 GMT

On Mon, 17 Nov 1997 14:11:30 +-100, Pål Steigan wrote:
>Jeg prøvde en gang å diskutere med KVJ, men fant ut at han bare
>hørte på seg sjøl. Siden den gangen stryker jeg hans innlegg
>ulest. (Med unntak av en stikkprøve nå og da for å se om han
>har skifta stil.) Metoden anbefales.

Eg for min del har automatisk sortering og filter. Eg legg inn filter
som sorterer innlegg ulike kategoriar/mapper. Dessutan kan eg bruka
"Ignore thread" for å ignorera trådar.

Dette er dessutan ganske effektivt mot "spamming", dvs. uønska
reklame.

Til det konkrete tilfellet det her var snakk om, vil eg seia det at
Karsten VJ bryt med det (eg meiner å hugsa at) han sjølv har sagt om
kva slags ordskifte han ynskjer osb.

Elles tykkjer eg generelt at det er eit problem at folk ikkje skriv
innlegg for å overtyda folk om noko -- dei skriv innlegg for å syna
omverda/tilskodarane at han, ho eller dei som er usamd med ein sjølv
er dust(ar). (T.d. innlegga til/mot meg frå den anonyme Rosso Bergan,
Zorro_28@hotmail.com.)

Ein annan faktor er at sume totalt misser folkeskikk og god tone når
dei slepp å sjå folk i auga, men berre kan hamra laus på tastaturet.
(T.d. denne Zorro som nyttar uttrykk som "Kan du ikke heller slenge
pikken på bordet" ...)

Det er alt for mykje "båsputting" merkelapp-namning av folk her. Eg
saknar kort sagt argumentasjon, og dessutan saknar eg *mål* for ein
del av ordskifta (t.d. "Stalin-ordskiftet").

-F-