Skjerp deg Vedel Johansen!

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sat, 15 Nov 1997 18:15:59 +0100

Innlegget ditt imot Jon Egil Brekke er noko av det styggaste eg har sett på
lang tid.
Dersom du tykte at det Jon Egil skreiv var so hakkande gale, kunne du gjerne
ha fillerista
meiningane hans konkret for min del. Det gjer du ikkje - istaden stemplar du
han, du tilleggjer
han ei rad negative eigenskapar og standpunkt eg ikkje har vore i stand til
å sjå at han har.

Eg er vanlegvis sterk motstandar av å psykologisera, men her er det noko som
verkar uhyggjeleg manisk på meg.
Kvar gong nokon ikkje tek dei oppgjera Vedel Johansen meiner trengst på det
viset Vedel Johansen har
definert som naudsynleg, då fær dei ein harang om å vera lygnarar eller
stalinistar eller stalinbagatellisør eller
intellektuelt uredeleg e.l. Er ikkje dei andre 100% med deg so er dei 100%
mot deg. Det er dogmatisk, det er religiøst
- det er tragisk.

Dette held ikkje Karstein! Du skuldar Jon Egil ei orsaking. Vil du vurdera å
dempa antagonismen din nokre
hakk her på KK-forum i tida som kjem? Det bør du gjera - elles kan du knapt
venta at nokon orkar å ta deg på
alvor. I motsett fall meiner eg du gjer oss ei teneste ved å gjennomføra det
du har annonsert tidlegare - nemleg å trekkja
deg ut or KK-forum. Ingen andre enn dei som ynskjer å blokkera all debatt
kan sjå seg tent med ein slik debatt-
terrorisme.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41