Arne Eriksen og ynksjeavsporinga

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Thu, 13 Nov 1997 09:32:34 +0100

Arne Eriksen går til felts imot idear lufta av Pål Steigan og delvis av
Trond Andresen

"...glem stiftelse som selskapsform for å utøve eierskap over Klassekampen.
Flyveideene
om ny selskapsform er ønskeavsporingen for de som har interesse av at intet
endres rundt
Klassekampen. (Pål Steigan vil gjerne diskutere alternative selskapsformer.)"

Og:

"Høyttenkning om drastiske endringer som ny selskapsform vil være den beste
garanti mot noensomhelst endring av eierforholdene rundt Klassekampen."

Sjølv om eg ikkje er nokon A/S - fundamentalist, er eg førebels langt frå
overtydd av Steigan sine synsmåtar.
MEN EG HELSAR DEI VELKOMEN. Etter den striden om KK som me no har opplevd
trur eg det vil vera klokt
om alle følte dei kunne koma med sitt ikkje berre om kva som har skjedd med
KK, om kva liner KK bør utviklast etter
som avis, men ogso om eigarform og organisering. Difor undrast eg noko over
den fundamentalistiske avvisinga
av ordskifte om alternative selskapsformer. For meg er det ogso eit paradoks
at kritikarar på den eine sida har
kritisert dei på "styresida" i striden for å ikkje å vera viljuge til å
diskutera - og når dei so gjer utspel i ordskiftet
fær dei so hatten passar for å driva ynskjeavsporing med tanke på å unngå
endringar kring Klassekampen.

OK - so kan det henda då at Eriksen eller andre meiner at det Steigan sine
tankar ikkje var so kloke. Fortel oss heller det
då Eriksen og særleg kvifor du meiner det. Eg sit ikkje med krystallkula og
kann rengja ut dei inste tankane til Pål Steigan.
Det finst sjølvsagt ein viss sjanse for at han ikkje ynskjer endringar kring
KK og at han driv med ynskjeavsporingar for å
oppnå dette. Dette må du i tilfelle grunngjeva på anna og langt betre måte
enn berre med å slengja ut ein påstand.

Og kvifor vil høgttenkjing om drastiske endringar vera den beste garantien
imot "noensomhelst endring"? I min naivitet trudde
eg faktisk at det var breid semje om at den beste og mest effektive
mobiliseringsstrategien for endringar var å gå ope ut med
ordskifte om ulike idear. Det kan iallfall ikkje vera noko farande veg å
leggja lok over eit ordskifte i eit spørsmål som alle
eigenleg synst er viktig og som det faktisk er stor grad av uvisse/usemje i.
Særleg demokratisk er det heller ikkje, det burde kanskje
ogso dei som har kritisert styrefleirtalet for demokratiske overgrep tenkja
litt over.

Sjølv om du klårt seier at du ikkje ynskjer dette konkrete ordskiftet vel eg
å tolka deg i beste meining: At du altso ynskjer eit
ordskifte om alle sider ved avisa KK. Eller tek eg feil her? Står du
verkeleg på det standpunktet at det ikkje er på sin plass å
diskutera eigarforholda i Klassekampen? Eg tenkjer med gru på kva som ville
ha skjedd dersom det hadde vore fleirtalseigarane (AKP)
som hadde gått ut med eit so firkanta standpunkt.

Altso Arne - anten fær du stabla på beina konkrete argument for at Steigan
og andre driv med avsporingar for å hindra endringar -
eller so fær du kutta ut slik mistenkjeleggjering. Og dersom det no viste
seg at Steigan faktisk dreiv eit slikt spel: Kva meiner
du er argumenta for at alle oss andre likevel ikkje skal "få lov til" å
diskutera slike spørsmål?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41