Litt Bondeparti-/Senterpartihumor

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 12 Nov 1997 20:45:36 +0100

Underskrivne mottek løni si frå Senterpartiet for å skriva partisoga for
tidbolken 1959-1999. Ei yverordna problemstilling
vil vera um Senterpartiet idag er noko serleg annleis enn Bondepartiet var
ved namneskiftet i 1959. No hev eg funne det endelege
provet på at svaret på detta spursmålet må vera eit klårt og tydeleg NEI.

Hovudkjelda for denna uvanleg klåre konklusjonen er lønsmeldingi mi for
november 1997. På lønsmeldingi stend millom anna
upplysningar um medlemspengar til fagforeining. I mitt høve gjeld det
Forskarforbundet (kritikarar kallar det Fuskarforbundet).
Senterpartiet hev funne sin eigen primærnæringsvrid på dette. På
lønsmeldingi gjev dei opplysningar um medlemspengar til
"Fiskerforbundet" både for oktober og november! Eg seier ikkje meir.

Tvers igjenom trålfiske til siger!
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41