SV:_FFVD_sitt_formål

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 12 Nov 1997 17:06:20 +0100

Lars Staurset, eg kan sjå at mitt innlegg kan oppfattast som ironi og dermed fungere som avsporing av ein debatt. Slik er det ikkje meint, frå mi side er dette faktisk meint både seriøst og svært alvorlege. Dette handlar ikkje om kor god eller dårleg tid Anders hadde til å gje eit skikkeleg svar på mitt spørsmål eller ikkje, det handlar om politisk moral Lars. Dersom Anders Ekeland ikkje har dekning for å hevda ei så vidtfengjande politisk felles plattform for dei som har tilslutta seg FFVD - ja, så bør han i respekt for andre medlemmar i FFVD dementere desse påstandane. Har han derimot belegg for å hevde dette, ja så bør fleire enn meg undre seg over kva denne foreininga eigentleg er, og over stiftingsdatoen. Dersom Aud Oppedal har eit samanfallande syn med Anders Ekeland i desse spørsmåla må ho ha endra seg mykje sidan sist eg tala med ho.
Derfor er dette eit spørsmål om politisk moral, om kven ein brukar som referansar for eigne politiske oppfatningar Lars, ikkje om å ha dårleg tid eller vere unøyaktig. Det var mitt poeng.

MHH Olve Steinset

Olve Steinset siterer Anders Ekeland, som skriv:
>>Parallelt er FFVD i allianse med Jon M mot kapitalismen og dermed for
>>formålsparagrafen, men i skarp konfrontasjon på spørsmålet om demokrati, om
>>metoder, om synet på stalinismen og maoismen, i synet på AKP.
>>
>>Stikkordsmessig og i all hast
>>Anders Ekeland

Olve kommenterer dette slik:

>Dette var interessant, for då finnast det vel skriftleg materiale frå
>FFVD, som utrykker FFVD sin definisjon av omgrepet demokrati, om FFVD
>sitt oppgjer og analyse av stalinismen og maoismen, om FFVD si analyse
>av AKP. Er slikt materiale tilgjengeleg for andre enn medlemmar i FFVD
>Anders?
>
>Eg trudde i min naivitet at FFVD var av nyare dato, og at det ikkje
>fans anna samlande politisk plattform enn det som har vorte
>offentleggjort til no. Eg trudde i min naivitet at FFVD var ei
>forkorting for "Foreininga og Fondet for heile venstresida si
>dagsavis", og skulle samla inn pengar i tråd med eigen formålsparagraf
>- ikkje at dette var ein meir eller mindre permanent politisk allianse,
>nesten på line med eit nytt politisk parti. Vel, vel, Anders det var
>fint du sa frå om dette, for det stiller saka i eit litt anna lys -
>ikkje minst med tanke på kva de til no har sagt de samlar inn pengar
>til.

Olve, ironien din avsporar debatten. Når Anders skriv "Stikkordsmessig
og i all hast", må du rekne med at presisjonsnivået ikkje er meint for
ein slik eksegese.

Anders, du er med på å lage avsporinga. Svar heller på det forrige
spørsmålet frå Olve og Trond Andresen: Er det allmenn semje i FFVD om
formålsparagrafen for KK (eller den alternative avisa som de evt. skal
støtte)? I så fall: Korleis skal det ha seg at formålsparagrafen for
FFVD er svært ulik KK sin? (Begge er siterte i innlegg frå Trond 10.11.)

Lars Staurset