SV:_FFVD_sitt_formålDate:_Mon=2C_10_Nov_1997_11:15:57_+0

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 12 Nov 1997 14:00:30 +0100

Anders Ekeland skriv:
>Parallelt er FFVD i allianse med Jon M mot kapitalismen og dermed for
>formålsparagrafen, men i skarp konfrontasjon på spørsmålet om demokrati, om
>metoder, om synet på stalinismen og maoismen, i synet på AKP.
>
>Stikkordsmessig og i all hast
>Anders Ekeland

Dette var interessant, for då finnast det vel skriftleg materiale frå FFVD, som utrykker FFVD sin definisjon av omgrepet demokrati, om FFVD sitt oppgjer og analyse av stalinismen og maoismen, om FFVD si analyse av AKP. Er slikt materiale tilgjengeleg for andre enn medlemmar i FFVD Anders?

Eg trudde i min naivitet at FFVD var av nyare dato, og at det ikkje fans anna samlande politisk plattform enn det som har vorte offentleggjort til no. Eg trudde i min naivitet at FFVD var ei forkorting for "Foreininga og Fondet for heile venstresida si dagsavis", og skulle samla inn pengar i tråd med eigen formålsparagraf - ikkje at dette var ein meir eller mindre permanent politisk allianse, nesten på line med eit nytt politisk parti. Vel, vel, Anders det var fint du sa frå om dette, for det stiller saka i eit litt anna lys - ikkje minst med tanke på kva de til no har sagt de samlar inn pengar til.

MHH Olve Steinset