SV: Forening - JA, utpressing - NEI

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 12 Nov 1997 11:02:16 +0100

Anders Ekeland, stundom vert argumentasjonen din noko ubegripeleg, som til dømes dette:
"Det var jo flere som sa opp abonnementet i protest mot utviklinga under Bjerke, minst en eller to av distriktsopproperne, partisekretæren i RV, SVere i Bærum (jeg ba Paul ta kontakt med en av dem for å skjønne hvor Kristevaismen førte hen). Da var det i protest mot produktet, nå er det i protest mot prosjektet. Ingen av delene er utpressing. KK har alltid vært en kombinasjon av produkt og prosjekt. Hva som er viktigst varierer med tida og personen."

Trur du på denne samanlikninga sjølv Anders? Meinar du verkeleg at dette kan jamstillast? At eit organisert tiltak, som oppretting av eit andelslaget med eigne vedtekter og uttrykt formål slik FFVD er, kan samanliknast, som "aksjonsform", med at einskild personer grunngjev kvifor dei ikkje lenger finn det formålstenleg å abonnere på avisa fordi dei meinar produktet ikkje er godt nok? Nei, eg har rett og slett ikkje tru på at du meinar dette. De organiserer dykk for å få makt nok til å endra "prosjektet", i protest mot noko de er usamde i, for å pressa definerte motstandarar (t.d. AKP) - kvifor svarten vert du då så blyg og feig når nokon setter ord på dette de driv med og kallar det med sitt rette namn: utpressing? Stå opp for det du er med på Anders, ikkje freist å legg eit tåkeslør over aktiviteten til Sigurd Allern - for du støttar prosjektet hans, gjer du ikkje?

Sitat frå Anders Ekeland:
" FFVD vil "ha en helt annen avis" sier Erik Ness. Tror du jeg vil ha Kristevaismen?"

Vil Sigurd Allern det Anders, kvifor kom du det i hug?

Vidare Anders Ekeland:
"Tror du Kolbotn vil ha det - som var fly forbanna fordi dikt skrevet i en kampsituasjon ble trykt i lokalavisa, men ikke var gode nok for KK? Tror du Astri Holm, Marit Danielsen, Stein Stugu vil ha tåkeprat, eller Steinar Nørstebø eller Aud Oppedal vil ha det??"

Erik Ness må svara for seg, likevel vil også eg kommentere dette. Det kan sjølvsagt tenkjast Anders, at du og dei du nemner har tilslutta dykk FFVD for å motarbeide denne foreininga innanfrå og velte Sigurd Allern sitt prosjekt på den måten, men eg trur det ikkje, ikkje før de sjølve klart gjev utrykk for det. Eg har ikkje sett nokon grunngjeving frå korkje Kolbotn, Aud Oppedal eller dei hine du nemner, om kvifor dei har gjeve si tilslutning til denne foreininga - så kva slags prosjekt dei gjev sin tilslutnad til anar eg ikkje. Eg berre registrerer at dei har teke stilling for og støttar Sigurd Allern, på line med deg.

MHH Olve Steinset

>d) Det var jo flere som sa opp abonnementet i protest mot utviklinga under
>Bjerke, minst en eller to av distriktsopproperne, partisekretæren i RV,
>SVere i Bærum (jeg ba Paul ta kontakt med en av dem for å skjønne hvor
>Kristevaismen førte hen). Da var det i protest mot produktet, nå er det i
>protest mot prosjektet. Ingen av delene er utpressing. KK har alltid vært en
>kombinasjon av produkt og prosjekt. Hva som er viktigst varierer med tida og
>personen.
>
>e) Trond A påpeker i sitt innlegg et enkelt faktum. Folk vil ikke lenger gi
>penger betingelsesløst til KK uten å få aksjer. Den tilliten som fantes ved
>Aksels pro forma aksjeutvidelse er borte etter redaktørskiftet. "No taxation
>without representation" er jo et gammelt revolusjonært krav. Og hvorfor
>skulle AKP gå mot aksjesalg? Fordi det ikke finnes andre revolusjonære å
>selge til? Klar tale på det punktet hadde vært en fordel. Kommer dere på
>banen JG, RHH, Jon M?
>
>g) FFVD vil "ha en helt annen avis" sier Erik Ness. Tror du jeg vil ha
>Kristevaismen? Tror du Kolbotn vil ha det - som var fly forbanna fordi dikt
>skrevet i en kampsituasjon ble trykt i lokalavisa, men ikke var gode nok for
>KK? Tror du Astri Holm, Marit Danielsen, Stein Stugu vil ha tåkeprat, eller
>Steinar Nørstebø eller Aud Oppedal vil ha det??
>
>
>Vh
>Anders Ekeland
>