Slutt med tøvet om sensur!

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 11 Nov 1997 12:51:25 +0100

I KK 10/11 får Sigurd Allern (SA) og Alf Skjeseth (AS) ei heil side (irekna
bilete) til å kritisera redaktør Michelet si avgjerd
om å ikkje ta inn ei lysing for Foreningen og fondet... SA slår som vanleg
på stortromma og hevdar at avgjerda er eit sensurforsøk
gjennomført på grunnlag av eit ynskje om partimonopol på informasjon.
Eg støttar redaktøren og tidlegare disponent Brekke sine grunngjevingar
for å nekta å ta inn lysinga frå Foreningen og fondet...
Eg har likevel ingen problem med å akseptera at folk har eit anna syn på
dette. Men eg synst at SA burde kopla inn den sjølvkritiske
sansen føre han hylar meir om sensur.
Sensur????!!! SA og AS får ei heil side til å argumentera imot redaktøren
og får leggja fram ideane sine langt meir utdjupande enn dei kunne vona om å
gjera i ei lysing - attpåtil med tilvisande oppslag på fyrstesida. Avisa har
vore open for kritikk av redaktøren og redaksjonen.
Innlegg som har vore svært kritiske har kome på trykk. Som alle veit har
ikkje det alltid vore tilfelle under Allern sitt regime. Med bakgrunn
i dette hevdar eg at påstandar om politisk sensur er det reine tøvet. Eg er
klår over at slike karakteristikkar er på kanten av det som vanlegvis kan
passera som greid diskusjonsstil, men her meiner eg det er rettkome.
Førebels tek eg sensurpåstandane som eit utslag av
raseriet i augneblinken over å ha lide eit nederlag i kampen om KK, men det
er naudsynleg å koma seg vidare derifrå. No bør SA jekka seg ned nokre hakk.
AS oppmoder Michelet til å telja til 10, eg oppmoder Allern om å telja til 100.
Skuldinga om sensur er ikkje berre klårt urimeleg, men opphavsmannen si
skuggeboksing etter den autoritære sensurlysta gjer at eg
høyrer det singlar i glashuset. Sigurd må gjerne vera kritisk, men han bør
samstundes vera litt meir audmjuk både i høve til realitetar og i høve til
meiningsmotstandarar. Slik det no ser ut køyrer han vidare på lina frå
NRK-møtet der han stempla Michelet som ein "oppblåst nyttig idiot" - det er
neppe ei line han vil vinna mykje sympati på, men verre er det jo at ho
heller ikkje gjev tilskot til ope og konstruktiv meiningsbryting om KK
frametter.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41