RE:_Aksjer_og_sånt

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 11 Nov 1997 10:36:23 +0100

Pål Steigan skreiv:

>Hvis man fortsatt skal befinne seg innafor Røkkeguttenes ideverden og kjøpe og
>selge aksjer, er det bare en metode som gir penger til Klassekampen og samtidig
>reduserer AKPs makt, og det er en aksjeutvidelse eller emisjon. Da utsteder man nye
>aksjer og selger dem. Da vil penga styrke KKs egenkapital og ikke ha noe med
>AKP å gjøre, bortsett fra at ingen kan nekte AKP å kjøpe en del av de nye aksjene.
>Sett at man så går inn for en emisjon, hva så? Hvem hindrer den virkelige Røkke
>(eller Jens P. Heyerdahl) i å kjøpe de nye aksjene, personlig eller gjennom stråmenn?
>Jeg kan ikke se at noen har klargjort hvordan man unngår at et aksjealg fører til at
>KK til slutt blir kontrollert av pengefolk, dersom de skulle ønske det. Og dette er
>en bane pengefolka mestrer og som vi på venstresida ikke mestrer.

Steigan har eit viktig poeng her: AKP bør sjølvsagt redusere eigardelen
sin med å skrive ut nye aksjar, ikkje med å selje dei gamle. Berre slik
kjem det nye pengar inn.

Ut over det trur eg Steigan overdimensjonerer problema. Det er ingen
grunn til at KK-aksjar skal omsettast anonymt på børsen (og dei ville
neppe sleppe til der!) Aksjane bør seljast i andre fora, til
enkeltpersonar, organisasjonar e.a. som er interesserte i å kjøpe. I
teorien hindrar ikkje det at Røkke eller stråmennene hans kjøper
aksjar, men pengefolka går etter forteneste og makt, og det får dei
meir av andre stader. Faren for kupp o.l. frå det haldet er derfor
liten.

Andre slags storoppkjøparar kan tenkast. Ein pengesterk person (eller
organisasjon) som ikkje er ute etter økonomisk vinst, kan investere i
KK som politisk prosjekt, enten ved emisjonen eller seinare. (Kanskje
Pål Steigan, Kristen Nygaard eller eg ville gjere det dersom vi vann ti
millionar i lotto, kven veit?) Eg reknar ikkje FFVD som ein slik
storoppkjøpar, ettersom det no er klårlagt at personane bak, og ikkje
sjølve fondet, er tenkt å eige aksjar.

Ein slik trusel kan møtast dels med å nekte å selje til uvennlege
grupper (mobilisering for å hindre sal), dels med klausular om
eigarfordeling. Eg tek opp att spørsmålet som eg stilte her på forumet
5. november:

>Spørsmål til dei som har greie på aksjelov og slikt: Er det muleg å
>vedtektsfeste at ingen kan ha meir enn så-og-så mange prosent av
>aksjane?

Steigan skriv vidare:

>Jeg ser ingen sympatiske trekk ved denne aksjeideen. Jeg er for at KK støtter seg
>på en breiere politisk basis enn AKP, men det må da finnes måter å organisere det på som
>ikke går gjennom aksjer. Hvis ikke venstresida klarer å finne bedre måter å gjøre
>dette på, hvorfor krever vi da avskaffelse av kapitalismen?

Godt spørsmål. Steigan er sjølv ikkje heilt ukjend med tankar om
korleis samfunnet kan organiserast. Kva slags vilkår ville du gje ei
opposisjonell avis etter revolusjonen? Eg tenkjer ikkje berre på
trykkefridom og slikt, men på kven som kan eige og bestemme over avisa.
Kva kjem i staden for aksjelova?

Lars Staurset