Annonse for FFVD

Olve Steinset (olves@online.no)
Mon, 10 Nov 1997 12:45:08 +0100

ANNONSE FOR FFVD I KLASSEKAMPEN
Kjære Jon Michelet - ha tillit til at eg kan lesa, tenke, analysera og forstå. Dersom du gjev meg og andre vener den tilliten vert det lettare, ryddigare og betre for oss å føra ein politisk kamp for den avisa du leiar. Då slepp me å måtte bruke tid på tåpelege formal diskusjonar, då slepp du å måtte fylle avisa med politiske innhaldslause lesarinnlegg - ver så snill.

Kjære Toril Brekke - eg har auge å sjå med, ein hjerne å tenkja med ein vilje å sloss med. Berre ved at me gjer kvar andre tillit til at me evnar å bruka desse evnene, til beste for den avisa me trur på, kan me stå saman. Postkassa mi er stundom fylt med ei mengd tåpeleg og utspekulert reklamemateriale, stundom og mykje anna søl - på veg ned til huset att passerer eg bosspannet mitt, der lettar eg børa slik at eg slepp å dra skiten inn i hus. Likevel vert eg stundom tvungen til å taka noko innomhus, fordi det er trykt i ei eller anna avis eg har hug til å lesa - då og klarer eg å sortere kva som er tenleg og ikkje.

Derfor vil eg på det sterkaste oppmode dykk om å trykke denne innhaldslause annonseteksten til andelslaget "Foreninga og Fondet for venstresidas dagsavis". Skulle likevel nokon komme til å kjøpe andelar umedvete i dette underlege "diskusjonsandelslaget" er vedtektene likevel så demokratiske at pengane ikkje er tapt for vedkommande - ja, utan om kan hende kr. 200,-, men det kan vel dei fleste stå over med.

MHH Olve Steinset