FFVD_sitt_formål

Olve Steinset (olves@online.no)
Mon, 10 Nov 1997 11:15:57 +0100

Anders Ekeland, støttar FFVD dagens formålsparagraf i avisa Klassekampen, vil de arbeide for at den vert halden i hevd i framtida? Dette er eit politisk spørsmål, og det undrar meg noko at dette ikkje er omtala i noko av det som er kome frå FFVD. Eller er det slik at FFVD ynskjer at dagens formålsparagraf skal skiftast ut med t.d.: "Avisa Klassekampen skal vere et samlendende kritisk forum for venstresida, uavhengig av både partier og private kapitalinteresser.", i tråd med FFVD sitt eige formål?

Eg må sei at eg synest det er nokså uinteressant å få informasjon om korleis innsamla midlar (selde andeler i FFVD) skal nyttast, eventuelt betalast attende til andelseigarane, framfor å få informasjon om den reelle politiske plattforma for FFVD.

MHH Olve Steinset