Re: Klassekampens uvenner?

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Thu, 6 Nov 1997 15:00:32 +0100 (MET)

> Jeg har stemt mot salg av aksjer, men mener nok at vi (Jorunn G og Rolf
> Rynning H) har lovt noe til Jon M, og at den rakrygga holdninga han har
> vist krever at vi opprettholder de løftene som partiledelsen har gitt.

Dette forstår eg ikkje, i kva forum har du stemt mot aksjesal?
Og er det slik at Jon M. sette seg på redaktørkrakken under føresetnad av
at AKP skulle selje seg ned frå majoritetsposisjonen. Ligg der føre ein
avtale - munnleg eller skriftleg, uttalt eller uuttalt - mellom Jon M. og
AKP om at partiet skal selje seg ned under 50% ? Vert det gjort urett mot
Jon M. om Akp ikkje sel seg ned?

> Samtidig er det klart at noen er ute for å prøve å provosere AKP til å gå
> bort fra løftene, sannsynligvis er det viktigere for dem å prøve å ramme
> AKP ennå tenke på konsekvensene for Klassekampen. Dem om det.

Her er mange aktørar i denne striden. Det er ikkje sikkert at alle har
reint mjøl i posen. Provokasjonar er ein kjend metode. Men alt er ikkje
sagt med det.

Ein kjem ikkje unna at i spørsmålet om AKP skal selje seg ut av
majoritetsposisjonen, så er det mykje som på eit sakleg grunnlag talar i
mot.

Fordi AKP sat med taumane var det mogeleg å berge avisa no i haust. Vekk
frå snobbete intellektualisme og over på ein meir folkeleg kurs med Jon M.
som kusk.

Klassekampen - eller andre folkelege mediaforetak - kan ikkje overleve
utan nær kontakt med grasrota; ei organisert grasrot vel og merke. Vel,
overleve kan nok avisa, men ikkje utan å forandre seg til sin eigen
motsats.

(Det same gjeld folkerørsler som fråhaldsrørsle, idrettsrørsle
osb.; leiarane flyttar inn i glasspalass, misser kontakten med medlemene
og vert ein del av den korporative staten).

Røynsla frå den siste tida er mellom anna den at den sikraste måten å få
ein sosialist til å skifte farge på er å gjere han til journalist. Om vi
ikkje visste det før, var det ei lekse forfallet i Klassekampen fortalde
oss. Flukten frå sosialisme inn i journalisme var ikkje oppløftande å
registrere.

Vi har lært at Klassekampen er ei viktig avis. For oss ei avis å halde på
og utvikle. For den falske venstresida - på kollisjonskurs med folket -
ei avis det er overlag viktig å vinne og drage ut klørne på slik at ho
vert som alle dei andre aktverdige løgnarane i Akersgata med omland.

Med Klassekampen i folkelege hender - i dette tilfelle AKP - er det ikkje
så lett å halde folk i ro som det vil vere dersom avisa kjem under
kontroll av snobbane.

For å seie det rett ut; dersom Klassekampen vert kontrollert av folk som
Allern, vert det lettare for dei privilegerte å halde fram som i dei gode
gamle dagane.

Altså bør ikkje AKP selje seg ut.

Finn Sindre Eliassen