Foreningen og fondet for venstresidas avis

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 5 Nov 1997 16:10:32 +0100

Det som hittil har kome fram om foreningen og fondet for venstresidas avis
tyder på at det no vert teke
organisatoriske tiltak for framhald av striden om Klassekampen. Dette burde
ikkje vera godt nytt for nokon
vener av avisa.

Samstundes tyder den faktiske avisutgjevinga, innhaldet i avisa, laussalet
og tingarutviklinga på at domedags-
spådomane vert gjort til skamme. Det burde vera godt nytt for alle vener av
avisa.

Her stikk eg ikkje under stolen at det finst røynlege usemjer om eindel
prioriteringar (t.d. sport). Det trur eg
alle kan leva med. Eg trur og at det vanskeleg kan hevdast at KK har vore
ein megafon for eigarane dei siste vekene.
KK har ikkje markert seg som snevrare rrrrrevolusjonære. KK har ikkje slutta
å vera ei kulturavis, KK gjev framleis
mat for tanken - og det har jamvel kome igang ei vitskapsspalte att (mange
takk for det initiativet Eivind Hovig!).
Korleis ser Foreningen... på dette?

I det lange løpet trur eg faktisk at det er innhaldet i avisa som kjem til å
vera avgjerande for om folk ynskjer
å bruka pengar på å tinga ho/kjøpa ho. For dei fleste er dette viktigare enn
dei formelle eigartilhøva i avisa.

Sidan denne Foreningen... har eit lite klårgjort eller sprikande tilhøve til
kva dei meiner avisa bør vera
(føremålsparagraf, liner og prioriteringar m.v.) kan denne organiseringa av
viljen til å knytta vilkår til å gjeva støtte
blokkera for målet om eit utvida eigargrunnlag.

For min del har eg alltid vore tilhengjar av at AKP burde selja seg ned. Eg
trur ikkje eg er den einaste som no meiner
at AKP no bør skunda seg langsamt.

Hadde det ikkje vore ei klokare venehandling for KK å gå i diskusjon med
redaktøren og delta i KKs-vener og gjeva konkret
støtte utan vilkår? Det gjer det ikkje lettare å hela gamle konfliktsår
dersom ein pustar til gamle stridsglør og gjev tilskot
til mistanke om motiv som kanskje ikkje finst ved å organisera seg på denne
måten.

Kan nokon i Foreningen... kommentera dette?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41