Re: Ut av RV

David_T._Sørmark (david@feskar.net)
Fri, 31 Oct 1997 14:21:55 +0000

Sidan det er så mange AKParar som berre kjem "med almenne
utsagn når de blir bedt om å ta stilling til Stalin. "

svarar eg på Anders Ekelands spørsmål til Ottar Solberg.

> Regner du Bresjnev og Stalin som byråkratiske herskere, eller er det en
> kvalitativ forskjell mellom dem. I så tilfelle hvilke konkrete historiske
> hendinger er grunnlaget for denne forskjellen.

Både Bresjnev og Stalin var byråkratiske herskarar, og på ingen måte
representantar for arbeidarklassen.
Men det kan ikkje stikkast under ein stol at Stalin faktisk har
bidratt med noko bra teori. Og eg har ikkje sett noko av det frå
Bresjnev.

> Og hva mener du er RUs syn på Stalin?

Raud Ungdom har ikkje noko offisielt syn på korkje Stalin, Mao eller
Trotski (for den saks skuld).
Så ein kan meine kva ein vil. Du trekk fram at Raud Ungdom har store
plakatar av Stalin på kontoret, og trekk då den slutninga at Raud
Ungdom har hatt eit stort omfemnande ordskifte i organisasjonen om
Stalin, før ein samrøystes har vedteke å henge opp Stalin på
hovudkontoret. Tull.

Stalin er ingen helt i Raud Ungdom.
Raud Ungdom er ingen stalinistisk organisasjon, sjølv om det finnst
stalinistar i Raud Ungdom. Det finnst også trotskistar og anarkistar
i Raud Ungdom. Og dei er det plass til. RU skal vere ein organisasjon
som har plass til all antikapitalistisk ungdom.

Men kan du med handa på hjartet seie at Trotski var ein betre kar ein
Stalin?
Det vil eg i så fall gjerne høyra meir om...!

> Ikke snik deg unna, med spist er spist og skjedd er skjedd.

Og snikt er snikt, med eller utan skjei.
Kameratsleg helsing

David T. Sørmark