Ope spørsmål til Anders Ekeland

Pål Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 29 Oct 1997 09:57:13 +0000

Berre eit kort spørsmål for å klåra opp i ordskiftet:
Kva definerer du som "Stalinisme", "Stalinist" og "Maoisme" og "Maoist".
Siden desse omgrepa no flyg som mygg kring hovuda våre, kan det vera
greit å få klårleik i kva omgrepa faktisk inneheld.
Om nokon annan ønskjer å legga fram sin versjon, gjerne for meg.
Nokre alternativ:
1)Å stø Stalin/Mao i alt dei gjorde og skreiv
2)Å stø Stalin/Mao som teoretikarar og til dels som sosialistiske
leiarar
3)Å meina at dei har gjort mykje gale, men at noko av det dei skreiv er
bra
4)Å meina at det i det heile teke fins positive sider ved desse to
karane
5)Å forhalda seg til organisasjonar på ein viss måte (jf. "Stalinistisk
organisasjonspraksis")

Desse alternative er ikkje meint eksklusivt, om du eller nokon andre har
andre alternativ, kom med dei.

Venleg helsing Pål