Re:_Kommunikasjon_er_så_mykje

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 28 Oct 1997 13:28:32 +0100

ORSAK!!
Denne historia skulle ikkje til KK-forum, men til ein ven av meg som samlar
på slike - eg trykte feil på "adresseboka mi" - slikt hender -

MHH Olve Steinset

At 13:15 28.10.97 +0100, you wrote:
>Det er ikkje uvesentleg korleis ein står i høve til kvarandre, ikkje
>politisk heller.
>
>Klokka var passert halv ti og karane sat framleis og nytte "9 kaffien",
>inne på kontrollrommet for siloanlegget. Då kom han setjande - "ilderen",
>denne kort vokste og butte arbeidsformannen. Det var tydeleg at han hadde
>skrudd seg kraftig opp før han entra lokalet, andletet var like eldraudt
>som varsellampa ute på silokranen. Han stilte seg midt fram på golvet, med
>hendene godt planta i sida. "Har de svarten ikkje anna å gjera på enn å
>sitja på ræva og pimpa på kaffi?. No må dette for ein gong skuld taka
>slutt, den neste eg finn her inne, som ikkje har anna å bestille, kan ta
>kaffiflaska, matboksen og sysakene sine og pella seg heim att." Han var så
>oppteken av si eiga svovelpreike , la ikkje merke til at "lange-Jon" hadde
>komme inn døra bak han og stilt seg opp på sida av han. Lange-Jon legg den
>svære neven sin ned på skuldra hans, kremtar og seier: "Godt sagt!, eg har
>ofte tenkt, når eg og du står slik i høve til kvarandre - so e me liksom
>ti. Ja - fø eg e ein og du ikkje anna enn eit null og da vert 10 når me
>står slik!"
>
>
>