SOS rasisme, nok ei presisering

Filip Stokkeland (filip@online.no)
Tue, 28 Oct 1997 12:13:46 GMT

Rosso skreiv at eg no har endra mi instilling frå mitt fyrste innlegg,
og Ellen skriv at eg har kome fram til at eg ikkje kan ta del i
ordskiftet. Til båe to vil eg seia: Les om att det eg skriv. Eg har
aldri endra mi instilling. Eg har berre *presisert* kva eg meiner noko
om -- kva eg har føresetnad for å meina noko om. Poenget med det var
sjølvsagt å klårgjera at eg ikkje vil verta teken til inntekt for noko
eg *aldri* har sagt noko om. Eg presiserer t.o.m. at eg trekkjer mine
konklusjonar ut frå det eg høyrer i media/les i Klassekampen. Sånn
sett har eg aldri sagt noko konkret om personar, eller hevda noko om
kva motiv e.l. grupperingar og personar har. Eg har hevda det eg
framleis står på: At dei som står andsvarlege for medviten økonomisk
juksing og triksing må gå. Korleis vil dette elles sjå ut for SOS
rasisme?

Dette er ei generell utsegn, eg har aldri kome med anna, og eg har
(for ørtande gong) ikkje føresetnad for å koma med noko anna ... OG eg
har heller ikkje gjort det.

Rosso nemner at eg sit i sentralsstyret i AKP, og han reknar
tydelegvis med at eg då automatisk har fått øyro tuta fulle av masse
"inside information" og propaganda. Det er FEIL! Eg har ikkje ein gong
oversyn over kven som sit i daglegleiinga eller landsstyret til SOS --
langt mindre er eg nokon del av ein konspirasjon e.l. mot folk eller
grupper i SOS. Til vitring skal eg heller ikkje på landsmøtet i SOS.

Rosso ynskjer at eg skal få augo opp for at dette dreier seg om noko
heilt anna enn fusk med pengar. Mitt svar: Javel. Eg fylgjer med i det
som skjer, og freistar forstå. Eg har då heller aldri sagt noko om kva
eg trur det er som skjer i kulissar og på bakrom. Det ynskjer eg å
finna ut av, og då er det uklokt å kasta terning om kven si
framstelling av røynda ein trur på. Eg vil fylgja med i det som skjer,
eg vil høyra på det ulike folk/partar har å seia, og so vil eg kan
henda få litt djupare innsikt og bakgrunn for å ev. meina noko meir om
saka ...

Like fullt endrar ikkje dette på det faktum at nokon har triksa med
pengar, og eg meiner det vil vera skadeleg for SOS rasisme dersom
ikkje landsmøtet reagerer mot dette på ein slik måte at det går klårt
fram økonomisk triksing ikkje er noko SOS kan stå inne for. Eg kan
ikkje sjå at mitt syn her krev av meg at eg, som Ellen skriv, må
"fortelle meg (Ellen) hvem som er de ansvarlige". Hadde eg hatt eit
klårt bilete av den interne stoda og organiseringa i SOS, burde eg
sjølvsagt kunne sagt noko om dette, men det har eg som sagt ikkje. Det
må vera lov å meina noko generelt om ei sak, etter å ha sett saka
utanfrå, utan å dimed verta tolka som om ein har teke stelling til alt
som ligg i saka. Og det er faktisk ikkje uvesentleg for ein front
korleis han ser ut utanfrå.

-F-