Re: Svar til flere og OK Karsten

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 22 Oct 1997 20:04:47 +0100

OK Karsten, om du vil kan vi legge denne innhaldslause og tåpelege
debattforma attom oss. Eg trur korkje du eller Anders Ekeland er meir
"stalinistiske", "meir Pol Pot frelste" eller "har meir arvegods frå Haakon
Lie" enn nokon av oss andre som freistar debattere her på KK-forum. Så
dersom du og dine meiningsfeller kan slutta med å tillegga meg, og andre,
standpunkt, meiningar og karakteristikkar vi ikkje sjølve vedkjenner oss -
ja, då kan vi kan hende koma lenger i å lytta/lesa det som faktisk vert
skreve og meint, framfor å tolka og korrumpere andre sine meiningar og
synspunkt.

Eg er berre så DRIT LEI AV å debattere med folk som ikkje kan vera
konkrete, men som på død og liv skal henge ein eller annan "isme" eller
"antiisme" som karakteristikk på andre. Så DRIT LEI AV å høyra refrenget
"ta oppgjer med" - slik er det Karsten og Anders, og berre slik.

Akkurat så vanvittig og håplaust idiotisk, som eg vil tru du har opplevd
den debattforma (ja, det kan vel knappast kallast det) eg no har møtt dykk
med, opplever eg det når du og andre nyttar dykkar politiske sjablon
utrykk. Eg har ingen ting imot å drøfta Stalin med dykk i ein debatt om
Stalin, men kvifor de skal drøfta Stalin i alle mogelege og umogelege
samanhengar - ja, det skjønar eg ikkje.

Det får meg til å tenkje på eit lesarinnlegg i lokalavisa Firdaposten for
mange år sidan. Overskrifta på innlegget var "Ein tur med Hurtigruta frå
Bergen" - innlegget enda opp med eit forsvar for Israel si undertrykking av
det palestinske folket - kva det hadde med Hurtigruta og Bergen å gjera,
fatta eg ikkje den dag i dag.

Ver så snill vener - Slutt å kødd!

MHH Olve Steinset (ein som har vert medlem av AKP - berre for ordens skuld)

At 17:43 22.10.97 +0200, you wrote:
>At 00:10 22.10.97 +0100, you wrote:
>>Den form for forfalsking av motdebattantar sine innlegg, som Karsten Vedel
>>Johansen her presterer, skulle vel fortelje meir enn nok om kva slags
>>politiske metodar han og resten av hans kamphanar står for. Å freista la
>>det sjå ut som det fyrste avsnittet nedanfor er "saksa" frå eit av mine
>>innlegg - maken til primitiv debattform har eg ikkje opplevd før. Det
>>understrekar meir enn noko anna det eg har gjeve utrykk for når det gjeld
>>arvegods frå Haakon Lid. Det talar vel neppe til din politiske gruppering
>>si ære (om den då i det heile skulle ha noko slikt).
>>Med slike forfalskingar debatterer eg ikkje med deg Karsten!!
>>
>>DETTE ER KARSTEN VEDEL JOHANSEN SIN FREISTNAD PÅ LØGN OM MINE UTSAGN I
>>TIDLEGARE INNLEGG!
>
>For ikke å bli missforstått enda en gang må jeg hellere bøye det i
>lysstoffrør. Altså: dette er noe som er skrevet av meg, Karsten Johansen:
>
>Jeg begriper ikke hvordan det er mulig å missforstå så radikalt. Det står jo
>"I wrote", hvilket som bekjent er engelsk og betyr: JEG skrev. Ikke du (din
>tosk)! Tenk og les litt mer før du automatisk trykker på knappen, da. Det
>fremgår fø. klart av innlegget at jeg utdyper hva jeg selv har sagt (for å
>bli bedre forstått). Les selv innlegget og bedøm Steinsets missforståelser.
>
>Vh. Karsten Johansen
>
>>At 22:22 21.10.97 +0200, you wrote:
>>>At 21:11 20.10.97 +0200, I wrote:
>>>(Olve Steinset mener) at AKP ikke har tatt et skikkelig oppgjør med
>>>>stalinismen plasserer en i bås med Håkon Lie. Håkon Lie som er den verste
>>>>stalinisten Norge og Skandinavia har sett. Håkon Lie som, hvis han hadde
>>>>vært russer, ville ha hørt til Stalins ivrigste tilhengere. Det
>>>>karakteristiske ved mannen er jo hans: "jeg skal knekke deg som en lus"
osv.
>>>>- hans hemningsløse fanatisme og totale mangel på motforestillinger til
eget
>>>>syn. Jeg skal ikke gå inn i en "debatt" med Steinset om hvor han hører
>>>>hjemme med sine verbale kølleslag mot Anders, det fører åpenbart
ingensteds.
>>>
>>
>>
>>
>
>