AKPLEDELSENS NESTE KUPP

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 22 Oct 1997 13:33:44 +0100

Eg har vore medlem i SOS-rasisme, men aldri vore aktiv. Eg kjenner ikkje til
det indre livet i SOS-rasisme
og ordskifta der (og det same gjeld det indre livet og ordskifta i AKP og RU).

For allt eg veit kan det difor vera rett det Bjørn Megning Jensen skriv, at
medlemer i SOS-rasisme knytta
til AKP og RU ynskjer å kasta den sitjande leidinga i SOS-rasisme (for alt
eg veit kan det i tilfelle ogso vera
andre som ynskjer det...)

Eg har vore medlem og tillitsvald i fleire organisasjonar. Eg har opplevd at
folk som har vore grunnleggjande
usamd i det eg har stått for, har gått inn for å kasta meg og andre som stod
for liknande idear. Det må dei
få lov til, og nokre gonger har eg ogso opplevd at slike forsøk har lukkast.
Eg har ogso vore med på å kasta leidingar
i organisasjonar (nokon gonger har eg tapt so det har svidd, andre gonger
har det lukkast). Det er ogso ein rett
eg vil forsvara.

Ingen politiske leidingar er valde på livstid, og usemjer om organisasjon,
ideologi, politikk, strategi og taktikk
kan vera greide og legitime grunnar til å ynskja kursendring (nye
tillitsvalde). Dette må ogso vera prinsipp som gjeld i
SOS-rasisme.

Difor reagerer eg på Megning Jensen sitt innlegg. For alt eg veit kan det
godt henda at eg vil vera usamd med AKP/RU
i dette tilfellet (eg veit ikkje kva dei meiner...), men det kan då likevel
vera legitimt å ynskja seg kursendring med
nytt mannskap i brodden.

Eller er det kanskje samordninga av synspunkt (fraksjonering) som er
problemet. I tilfelle vil eg opplysa om at dei fleste
andre ogso fraksjonerer, skiljet mellom AKP/RU og dei andre er at
vedteketene seier at dei kan gjera det. Og gjer det saka verre?

Poenget: Kvifor seier du Bjørn Megning Jensen ingenting om kva AKP/RU meiner
- kvifor vil dei kasta leidinga i SOS-rasisme?
På kva felt og kvifor ynskjer dei anna kurs. Og kva er
sysnsmåtane/posisjonane til den leidinga som du ynskjer å slå ring kring?
Og kvifor meiner du det er rett?

Eg er uopplyst - eg berre spør!

Kom ikkje her med dette AKP-gnålet endå ein gong - UTAN Å HA KONKRETE
OPPLYSNINGAR/VURDERINGAR Å SLÅ I BORDET MED. For alt eg
veit kan det godt henda at eg er samd med deg i at AKP/RU tek i miss - men
du må nok finna deg i å overtyda både meg og mange
andre fyrst. Gjer du det skal eg meir enn gjerne vera med på å kritisera
både AKP og RU.

Eg er leid av den typen politisk logikk som anten byggjer på at AKP alltid
har rett (den er det sovidt eg kan sjå ikkje mange som hevdar
lenger) - og den typen politisk logikk som byggjer på at påstandar om at AKP
berre er udemokratiske organisasjonsbøllar. Sjølv er eg
tilhengjar av ein politisk teori som seier at AKP kan ha rett, at AKP kan ta
feil - og at det som avgjer dette spørsmålet er konkrete
analysar. Dette er elles ein teori eg vil hevda kan nyttast på t.d. SV eller
Venstre ogso.

Det er pinleg å måtte minna ei sokalla venstreside om slikt, men kritikk av
AKP bør ikkje vera den einaste formen for kritikk der ein
skal sleppa unna konkret argumentasjon/dokumentasjon. Det er korkje rettvist
eller det minste radikalt.

Tek du den utfordringa Bjørn, eller krev du at me skal støtta eit felttog
mot AKP utan at me kjenner premissa?

Med helsing

>From: Bjørn Megning Jensen <bjoernmj@online.no>
>To: "'Klassekampen-forum-debatt'" <klassekampen-forum@aksess.no>
>Subject: AKPLEDELSENS NESTE KUPP
>Date: Wed, 22 Oct 1997 12:28:53 +0200
>Sender: owner-klassekampen-forum@aksess.no
>
>AKP-LEDELSENS NESTE KUPP
>
>AKP har bestemt seg for å kaste den sittende ledelsen i SOS Rasisme i Norge
>og avholder et møte med alle som jobber i SOS Rasisme som er med i Rød
>Ungdom og AKP for å binde mandatet til de delegatene denne grupperingen
>klarer å skaffe seg. De kaller seg en fraksjon. Her på KK-forum har det
>vært snakk om AKP er demokratiske, jeg tror ikke det. De som sitter i SOS
>Rasisme's landsstyre, som er med i AKP og som er uenig med ledelsen i AKP's
>beslutning om å kaste den nåværende ledelsen i SOS Rasisme, har fått
>beskjed om at de vil bli fysisk kastet ut av møtet hvis de kommer dit.
>Dette selv om vedtektene til AKP og Rød Ugdom sier noe annet.
>
>Rød Ungdoms vedtekter sier følgende om fraksjonering:
>
>d) Medlemmenes arbeid i andre organisasjoner skal organiseres sånn at
>der flere medlemmer jobber sammen, skal de samordne arbeidet sitt og
>opptre samlet, hvis organisasjonen finner det nødvendig.
>
>e) Fraksjonisme står i motsetning til et sunt, demokratisk liv i
>organisasjonen. Fraksjonisme saboterer diskusjoner og åpen kamp mellom
>ulike politiske linjer i organisasjonen. Fraksjonisme er brudd med Rød
>Ungdoms vedtekter.
>
>Med Fraksjonisme mener vi:
>*Opprettelse av grupper som kjemper mot Rød Ungdom sine linjer, og
>aktivt motarbeider vedtak fattet av Rød Ungdom sin ledelse
>*Bevisst å unnlate å ta opp uenighet til åpen diskusjon, samtidig som
>man arbeider i organisasjonen for oppslutning om sin politiske linje
>*Drive organisert samarbeid med andre partipolitiske organisasjoner, på
>tvers av Rød Ungdom sine vedtak.
>
>Jeg vil med dette oppfordre alle som er medlemmer i SOS Rasisme å møte opp
>på dette møtet for å være med å bestemme SOS Rasisme sin framtid og ikke la
>AKP ledelsen styre den.
>Fraksjons-landssamlingen til AKP og Rød Ungdom om SOS Rasisme's framtid
>begynner -tidspunkt senere - et hemmelig sted i Oslo-området.....
>Jeg kommer tilbake med tid og sted senere, nærmere helgen 24.-26. okt.
>
>--
>Med vennlig hilsen
>
>Bjørn Megning Jensen
> bjoernmj@online.no
>http://home.sol.no/~bjoernmj/
>
>
>
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41