Venstresida om Kina, m.m.

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Wed, 22 Oct 1997 08:44:36 +0200

Eg synest eg har sett lite om hva haldning venstresida har til dagens
Kina. Det ser for meg ut som om landet er på veg til å likne eit
latinamerikansk diktatur - autoritært diktatur & kapitalistisk Eg er
sjølvsag klår over at dette er ei grov forenkling, og at Kina har ei
historie som er heilt unik.

Ein analyse av Kina i dag må også ha konsekvensar for analysen av Maos
Kina - viss landet er eit autoritært, imperialistisk diktatur i dag,
kva var det då under Mao?

Eg kom til å tenke på dette då eg las KVJ (Karsten J) om Stalin osb.
Viss venstresida, AKP spesielt, ikkje har evne til å analysere fortida
og sjå kva dei gjorde som var hakkande gale, då kan eg ikkje anna enn å
misse all respekt for dei. Eg er ikkje ute etter botsøvingar av den
typen Per Egil Hegge ville vere glad for, men _det at Hegge (for å nytte
han som symbol) ville vere samd med somme vurderingar_, kan ikkje stogge
ein frå å gjere dei.
Då har ein late det emosjonelle teke heilt over for det intellektuelle(
slik er det no mest heile tida med dei fleste av oss .. sjå berre
debattane her. Men nok om det).

Eg er for ung til å kunne noko om dei skilelinene som ligg til grunn for
mange av motsetnadane som kjem til syne her på forumet, heldigvis, men
det ser ut som Stalin står sentralt, om ikkje anna som symbol. Det kunne
jo vere fint med eit eksplisitt forsvar for mannen og metodane hans, så
kunne vi ta stilling til det.

Jon