Kløyvinga av AF

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Mon, 20 Oct 1997 09:56:13 +0100

Dette er vanskeleg, og eg er redd for at det kan vera slik Eivind Hovig
seier - at det ikkje spelar noko rolle
om foreininga mi hamnar i AF eller hjå utbrytarane. For meg er det då
utslagsgjevande at eg faktisk er forbanna
på AF som stiller relativt skarpe og greide krav framfor lønsoppgjeret, men
som slukar karavanar av kamelar
mothårs i lønsoppgjeret. For meg var det sovidt eg kunne registrera
reallønsframgang i lønsoppgjeret. Resultatet
er flukt frå offentleg til privat sektor og eit køyr utan like for å finna
individuelle løysingar på kollektive
problem (overtid, ekstrajobbar o.s.b.).

Det gjev vanlegvis ikkje meir styrke å kløyva seg organisatorisk. På den
andre sida må organisatorisk samling ha
legitimitet - og det er ikkje gjeve at sjukepleiarar og forskarar har
interesse av å vera organisert saman. Sjukepleiarar, a
djunktar og andre som ikkje høyrer til dei langtidsutdanna innanfor AF vil
no kunne dominera denne organisasjonen endå
sterkare. Det ville forbausa meg om ikkje leidarane i sjukepleiarforbundet
såg dette.

Det er berre ein ting eg kjenner meg nokso sikker på her, og det er at ei
kløyving av AF ikkje vil gjera det lettare å vinna
fram med moderasjonslina. LO-køyrer moderasjonslina - det veit me. Men det
har AF ogso gjort i praksis, sjølv om organisasjonen
har vore aldri so samla. Det trengst ein klårare brodd imot LO-leidinga sitt
lønsdiktat. Deira generalklausul om at dei krev nye
tingingar dersom andre grupper får høgare lyft enn dei sjølve kan godta er
einstydande med at DET I PRAKSIS ER LO SOM TINGAR
OGSO FOR DEI SOM ER ORGANISERTE I AF T.D. Og dette har AF i praksis godteke,
sjølv om dei har protestert for all verda. Den nye
organisasjonen vil vera utan legitimitet dersom han ikkje tek ein kamp imot
dette.

Men so spyrst det berre om Hovig har rett i at dei nye kostane vil feia like
dårleg. For min del har eg gjeve opp AF, og dersom
Forskarforbundet skulle røysta om organisasjonstilknyting trur eg nok eg
ville gå inn for å gjeva den nye organisasjonen ein
sjanse.

Eit problem her er sjølvsagt det reaksjonære framlegget frå
arbeidsrettsrådet om at ein ikkje skal ha forhandlingsrett dersom
ein hovudorganisasjon har færre enn 100000 medlemer. Dei som no har gått ut
har oppunder 80000 medlemer, men fleire kan jo koma til
(Forskarforbundet har til dømes litt over 10000 medlemer).

Med helsing
Roar Madsen (framleis AF-medlem - om enn motviljug)

>Date: Sun, 19 Oct 1997 16:14:34 +0200 (MET DST)
>X-Sender: hhasselg@online.no
>To: klassekampen-forum@arthur.aksess.no
>From: Helge Hasselgreen <hhasselg@online.no>
>Subject: Kløyvinga av AF
>Sender: owner-klassekampen-forum@aksess.no
>X-MIME-Autoconverted: from 8bit to quoted-printable by arthur.aksess.no id
QAA16367
>
>Motspørsmål til Roar Madsen:
>
>>Spørsmåla mine til denne ordskifteglade forsamlinga er: Kva meiner "det
>>store me" om denne utviklinga - og bør me som er med
>>i AF gjennom andre medlemsforeiningar pressa på for å få våre foreiningar
>>til å gå med i den nye hovudorganisasjonen?
>>
>>Sjølv hallar eg imot eit ja-svar på det siste spørsmålet, men eg inviterer
>>med dette til å få fram motførestillingar. Kven grip utfordringa?
>
>Lækjarane hadde eit godt resultat i fjor, truleg mest avdi situasjonen på
>sjukehusa var spesiell og avdi dei fekk gjort slutt på tradisjonen med
>ubetalt overtid.
>Men spørsmålet mitt som AF-medlem er: Kven hallar du mot å få med deg i ein
>ny organisasjon?
>Vil du inkludere oss sjukepleiarar og andre "treåringar", eller ser du for
>deg ein organisasjon for dei med embetseksamen (om det heiter så framleis)?
>
>Og andre spørsmålet mitt er: Vil ikkje ei splitting i AF gjere det lettare
>for LO-leiinga å vinne fram med moderasjonslina?
>Helge Hasselgreen
>
>
>
>
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41