Partiavis, religiøsitet og meir...

paal@feskar.net
Thu, 16 Oct 1997 14:39:48 +0000

"Ja, jeg mener at AKP kan sammenlignes med ei religiøs sekt: De er en
liten gruppe medlemmer, samlet om ei verdensoppfatning som bare de sjøl
trur på, og med et sterkt ønske om å overbevise andre om at de har rett.
Det skulle være unødvendig å gå i detaljer om en slik karakteristikk."
...skriv Sonja Tinnesand.

Orsak, Sonja, men eg må nok be deg om litt meir detaljer om ein slik
karakteristikk. Dette ikkje av di eg er med i AKP (noko eg ikkje er)
eller av di eg er samd med dei i ette og alt (noko eg ikkje er) men av
di eg meiner det er skittent å stempla politiske rørsler ein er usamde
med som "religiøse". Om det skal gjerast meiner eg at ein skal SÆRS
mange detaljer å bringa til torgs, og ein god analyse attom
karakteristikken. Ellers vert det berre skittkasting. Den definisjonen
du gir held rett og slett ikkje - etter same definisjon kan ein seia at
den norske regjeringa er ein religiøs sekt til tider, eller
LO-sekretariatet. Er det nok å ta feil (noko du meir eller mindre tek
for gitt at AKP gjer) og ønska å overtyda resten av verden for å vera
religiøs, Sonja?

"Nå har imidlertid AKP ved å sparke Bjerke og sette inn den redaktøren
de ønsker, tydelig signalisert overfor oss lesere at de ønsker mer
kontroll med avisa"
Her er eg DELVIS samd... det AKP har gjort er å ta opp kampen mot noko
dei meinte var ei destruktiv line for avisa. Det har dei gjort gjennom
det einaste formelle grepet dei kunne ta, nemleg redaktørskifte. Den
konkrete handlinga er sjølvsagt deira, men målet, og den politiske lina
dei har gått inn for har støtte langt utanfor AKP sine krinsar, m.a
blant slike som meg. Men dei har eksplisitt sagt, gong etter gong, at
dei ikkje ønskjer nokon partiavis, og det trur eg stemmer. Dei som trur
noko anna oppmodar eg om å lesa avisa frametter.

Venleg helsing

Pål Hellesnes