Re: Dobbelstemme

Finn Sindre Eliassen (finn@frida.alesund.fylkesbibl.no)
Wed, 15 Oct 1997 06:14:14 +0200 (MET DST)

> >Dette handler for n'te gangen i denne striden ikke om hva som innafor norsk
> >lov og organisasjonspraksis er lovlig eller mulig. Men om hva som er
> >politisk klokt.
>
> Ja, nettopp. Derfor var det klokt av Rynning Hanssen å fylgje
> overtydinga si. Eller forlanger verkeleg Anders Ekeland at folk som er
> usamde med han ikkje skal følgje overtydinga si?

Her trur eg kanskje S. Eliassen tek feil. Eg trur ikkje det er det A.
Ekeland meiner. Rynning-Hansen burde naturlegvis i god tid SKIFTA
overtyding slik at heile problemstillinga hadde falle vekk. Ein fuktig
finger i veret og eit godt tima skifte av overtyding, det er
tingen det.
Eg veit ikkje heilt visst kva som er mest aktverdig; å skifte til ei meir
høveleg overtyding før ein røystar eller å røyste mot eiga overtyding.
For sjelefreden er kanskje alternativ ein best.

Fy fan!

Finn Sindre Eliassen