Få fram realitetane!

paal@feskar.net
Wed, 15 Oct 1997 11:42:26 +0000

Eg er blandt dei som syns at ordskiftet kring KK har vore prega av særs
mange store ord, og ikkje tilsvarande klåre meiningar. Med dette
innlegget ønskjer eg å få svar på nokre ting eg lurer på.

Martin Knutsen seier:
"...at eierskapet kaster alle sine prinsipper til side for å etablere et
styre i venstresidas talerør som er strømlinjeformet eierskapets vilje"
og omtalar det som har hendt som "eierskapets brudd med
alle sine arbeiderpremisser"
Kva meiner du med "strømlinjeforma..."etc? Korleis har eigarane brote
alle sine prinsipp?

Sonja Tinnesand kjem med følgande ytring:
"Dessuten kjøper jeg ikke aviser som gis ut under full kontroll av de
siste dagers hellige"...og pratar her om KK undeer AKP. Meiner du at AKP
er å samanlikna med ein religiøs sekt, eller kva meiner du? Meiner du at
KK no vert ein partiavis? Kvar har du i så fall det frå? Kven har sagt
at dei ønskjer det?

Kjartan Holm hevdar at haustens strid har vore
"... å mobbe i kne en arbeidsplass"
Kven meiner du har drive med mobbing, Kjartan? Korleis har dette skjedd,
og kan du kome med konkrete døme? Roald Helgheim meiner at det har vorte
ført personlege vendettaer mot KK-redaksjonen på KK-forum, og at KK-f
har drive med psykisk terror. Er du samd med det, eller er det noko anna
du meiner?

Eg vil oppmoda alle dei som prater høgt om mobbing, psykisk terror osb.
til å seia kva dei vil kalla avisa sin omtale av t.d. Jon Michelet, Rolv
Rynning Hanssen eller KK-forum i den siste tida. For kjelder kan ein til
dømes lesa Tidens Fylde, Lørdags-KK med portrett av Paul Bjerke, samt
ulike "kommentarar" som har vore trykt på baksida og inne i avisa.
Nokre av skribentane her på KK-f har kritisert avisa for for dårleg
fagleg dekning, liten aktivistinnretting, dårleg distriktsprofil og
liknande. I desse innlegga kan eg ikkje ein einaste gong hugsa å ha lese
uttrykk som "mafiose og æreløse slyngler", "spyttslikkende lakeier",
"oppblåst nyttig idiot" eller liknande festlege omtalar av politiske
meiningsmotstandarar. Kven er det då som kan skuldast for mobbing?

Venleg helsing

Pål Hellesnes