Ward Churchill om Holocaust I

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-07-02


Åtak på minne og sanning

Dei som argumenterer for det unike i jødane sine offer har ofte stått for
systematiske åtak mot minna og sanninga til folk som har fått lidinga si
nedvurdert eller stuva bort i historisk gløymsle. Dette gjeld ikkje berre
ofra for dei mange folkemorda som har skjedd uavhengig av nazismen, men også
ikkje-jødar som var blenkte ut for utrydding under holocaust. Sjå til dømes
på lagnaden til Sinti- og Romafolket (”sigøynarar”). Deborah Lipstadt nemner
dei ikkje eingong i boka si om Holocaust. Utelatinga hennar heng utan tvil
saman haldningar hjå jødiske forskarar, og i det jødiske sosiale og
politiske establishmentet. I snart femti år har desse nekta for at
sigøynarar var del av Holocaust, noko som blir slåande understreka av at
sigøynarane sin lagnad omtrent ikkje er å sjå noko til på United States
Holocaust Memorial Museum i Washington, DC.

I forsøka sine på å hindra det dei kallar ei ”utvatning” eller ”
av-jødifisering” av Holocaust har jødiske eksklusivistar rutinemessig brukt
kvar einaste metode kjent av ”Holocaust-fornektarar”. Målet har vore å
teikna Porrajmos (som Holocaust heiter på Romani, den hebraiske ekvivalenten
er Shoah) som noko ”fundamentalt anna” enn sjølve Holocaust. Den første
teknikken er å systematisk minimalisera tapa til sigøynarane. Når Lucy
Dawidowicz i det heile nemner sigøynarane, repeterer ho standardmytologien
om at ”av om lag ein million sigøynarar i dei landa som kom under tysk
kontroll vart mesta ein firedel drepne”. Poenget er at sjølv om lidingane
til sigøynarane utan tvil var ”uuthaldelege”, var dei likevel proporsjonalt
mindre enn jødane sine.

Meir nøyaktige – eller ærlege – demografiske studiar syner at talet på
sigøynarar i tyskokkupert Europa truleg var omlag to millionar i 1939. Av
desse var det i alle fall for tredve år sidan kjent at mellom 500 000 og 750
000 døydde i leirar som Buchenwald, Neuengamme, Bergen-Belsen, Belzec,
Chehmo, Majdanek, Sobibor og Auschwitz. Nyare forsking syner at opp til ein
million fleire sigøynarar kan ha vorte drepne når ein reknar med drapa til
einsatzgruppen, antipartisanoperasjonar i austeuropa og drap utført av
styrkane til satelittregima. Ein grunn til denne uvissa når det gjeld kor
mange sigøynarar som vart drepne av nazistane, bortsett frå den store
undervurderinga av det opprinnelege talet på sigøynarar, er at bødlane deira
ofte rekna dei saman med jødane i dødstala (på den måten vert talet på
drepne jødar litt for høgt, medan talet på drepne Sinti og Roma vert for
lite). Summa sumarum er det ikkje tvil om at proporsjonalt var tapa til
sigøynarane under Holocaust minst like stort som tapet til jødane, om ikkje
større.

No kan dette vera som det vil – eksklusivistar vil likevel hevda at
sigøynarane stod på sida av Holocaust avdi dei ikkje – som jødane – var ”
blenkte ut for total utrydding”. I følgje Richard Breitman ”er det ikkje
kjent at nazistane snakka om ei endeleg løysing på det polske problemet
eller sigøynarproblemet”. Yehuda Bauer skreiv på dei tre sidene om ”
sigøynarar” i ”Encyclopedia of the Holocaust” – det er all plassen tilskrive
Sinti og Roma i dette 2 000 siders verket der redaktøren ikkje eingong hadde
skamvit til å la ein sigøynar skriva artikkelen – ”lagnaden til sigøynarane
var i samsvar med nazistisk tenkjing i det heile; sigøynarar var ikkje
jødar, og det var difor ikkje naudsynt å drepa alle.”

Det er verdt å sjå nøyare på dette, og ha i minnet at det ikkje alltid er
samsvar mellom retorikk og realitetar når det gjeld nazistane sin
utryddingspolitikk. Som vi skal sjå når det gjeld polakkar er denne
påstanden tvilsam. Når det gjeld sigøynarar er dette ei beinveges løgn.
Dette kan ein lett prova med Himmlers ”Dekret om basisreglar for å løysa
sigøynarspørsmålet slik rasenaturen krev” av 8 desember 1938. Dette dekretet
set igang førebuingane til ei fullstendig utrydding av sinti og roma. Kort
tid etter dette – i februar 1939 – vart eit brev sendt rundt av Johannes
Behrendt frå det nazistiske rasehygienekontoret som slo fast at ”alle
sigøynarar skal handsamast som arveleg sjuke; den einaste løysinga er
utrydding. Målet må vera å at ein utan å nøla utryddar denne tilbakeståande
folkegruppa”. Hitler sjølv skal ha gjeve muntleg ordre om ”likvidering av
alle jødar, sigøynarar og kommunistiske politiske funksjonærar i heile
Sovjetunionen” så tidleg som juni 1940. Obergruppenführer Reinhard Heydrich,
sjefen for den viktigaste tryggjingtenesta i riket, følgde opp eit år etter
ved å gje einsatzkommandoane ordre om å ”drepa alle jødar, sigøynarar og
mentalpasientar” i dei erobra områda i aust.

Heydrich, som hadde fått oppdraget med å finna ei ”endeleg løysing på
jødespørsmålet” 31 juli 1941, kort tid etter den tyske invasjonen av
Sovjetunionen, inkluderte også sigøynarar i si ”endelege løysing”. Den øvste
SS-offiseren og politisjef for dei austlege områda, Dr. Landgraf, informerte
på eit møte i Riga Rosenbergs rikskommisær for dei austlege områda – Lohse –
om at sigøynarane var inkludert i den ”endelege øysinga”. Etter møtet gav
Lohse ein ordre datert 24 desember 1941 om at sigøynarane ”skal handsamast
på same måte som jødane”.

På omlag same tid tilrådde Adolf Eichmann at ”sigøynerspørsmålet” skulle
løysast samtidig med ”jødespørsmålet”. Himmler signerte ordren om å senda
Tysklands sinti og roma til Auschwitz 16 desember 1942. Den ”endelege
løysinga” på ”sigøynarspørsmålet” hadde byrja mesta samtidig med at
prosessen verkeleg byrja for jødane sin del. I røynda var sigøynarar
automatisk utsett for alle sider av den politikken som råka jødane under
heile perioden med ”endeleg løysing”, etter eit direktiv Himmler sendte ut
24 desember 1941 (fire månader før Wannseekonferansen som sette heile
utryddingsprogrammet i gang for fullt). Såleis kan ein ikkje skilja lagnaden
til sigøynarane frå lagnaden til jødane på noko vis som let seg forsvara.

Jødiske eksklusivistar freistar likevel å gjera dette. Ein av dei meir
motbydelege måtane er å gjenfortelja nazifabelen om at sigøynarane – i
motsetnad til jødane – som gruppe var ”asosiale” (kriminelle). Og, som om
ikkje denne opne rasistiske svertinga var ille nok, har vi Rabbi Seymour
Siegel. Denne tidlegare professoren i etikk ved det jødiske, teologiske
seminar og den gongen direktør for U.S. Holocaust Memorial Council, brukte
spalteplass i Washington Post for å reisa tvil offentleg ved om sigøynarane
har eit legitimt grunnlag for å hevda at dei er eit eige folk.

Som ein kunne venta freistar Yehuda Bauer på alle tenkelege måtar å ”prova
utan skugge av tvil” at jødane si liding var unik. Bauer er ikkje framand
for sjølvmotseiingar medan han driv hærverk mot alle fakta, og freistar å få
siste ordet to gongar – på måtar som utelukkar kvarandre gjensidig. For det
fyrste hevdar han modig at ”sigøynarane ikkje vart drepne av rasegrunnar,
men som såkalla ”asosiale” – og utryddinga var heller ikkje fullstendig”.
Slik overser han glatt Nürenberglovene frå 1935 som definerte sigøynarane i
dei same rasetermane som jødane. Berre to sider etter snur han det heile på
hovudet, og argumenterer for at sinti og roma var priviligerte framfor
jødane – og difor stod utanfor det ”verkelege” holocaust – avdi ein liten
kategori av ”rasemessig trygge” sigøynarar mellombels slapp unna dauden. I
tillegg til å argumentera sjølvmotseiande ser det ut til at denne leiande
talsmannen for eksklusivisme ikkje er klar over at om lag 6000 Karait-jødar
vart permanent sparte i samsvar med nazistane sin bisarre raselogikk.

Rett skal vera rett, det er nokre skilnader mellom jødane og sigøynarane
sine røynsler med nazismen. Eit døme er at sinti og roma har eit betre
genetisk grunnlag for å hevda at dei er ein ”eigen rase” enn ashkenazijødane
i Europa. Ein av dei forunderlege følgjene var at raseklassifiseringa av
sigøynarar var mykje strengare og meir rigid enn den som galdt jødar. I 1938
vart du klassifisert som sigøynar om det vart prova at to av oldeforeldra
dine var sigøynarar ”av blod”, om så berre delvis. Dette er dobbelt so
strengt som dei kriteriane nazistane brukte for å definera ”jøde”. Hadde
kriteria for ”raseklassifisering” av jødar vorte brukt på sinti og roma
ville ni tidelar av sigøynarane i Tyskland i 1939 overlevd holocaust.

Etterkvart som sigøynarar og jødar på tredvetalet vart utsette for meir og
meir drakonisk raseundertrykking – først i Tyskland, etterkvart i Austerrike
og Tsjekkoslovakia – vart det uttrykt internasjonal fordøming på vegne av
jødane. Utanlands diplomatisk og kommersielt press gav delvis lette på
tilhøva for jødar, og opna for ei viss utvandring (150 000 hadde flykta i
1938). Frå dette året til det tredje riket kollapsa synte nazistane
periodisk vilje til å handla med jødiske liv av ulike grunnar, og diplomatar
som grev Folke Bernadotte frå Sverige anstrengte seg for å redda dei. Ikkje
noko av dette skjedde når det galdt sinti og roma.

Dei vestlege demokratia har fått kraftig og rettkome kritikk for at dei
ikkje intervenerte kraftigare for å forhindra folkemordet på jødar.
Kritikken gjeld og at dei ikkje slepte inn fleire jødiske flyktningar. Men
samstundes må ein merka seg at absolutt ingenting vart gjort for å redda
sigøynarane frå ein identisk lagnad, og i denne samanhengen har
internasjonale jødiske organisasjonar ikkje noko betre rulleblad enn
regjeringane i USA, Storbritannia og Canada. I staden spela dei jødiske
organisasjonane ei rolle som leiande når det galdt å mørkleggja lagnaden til
sigøynarane medan folkemordet skjedde, ein posisjon dei aldri har gjeve opp.
Forskaren Ian Hancock skildrar resultatet:

”Det er skremmande og motlaust å plukka fram bøker som denne (syner til
bøker som ”Encyclopedia of the Third Reich”) og finna at forsøket på
folkemord mot sitt eige folk er viska heilt ut av historia. Kan henda verre
er det når den engelske oversetjinga av ei bok som Lujan Dobroszyckis ”
Krøniken om ghettoen i Lidz” med vilje utelet omtalen av likvidasjonen av
sigøynarleiren der (stykke 22 for 29 april 1942 i originalmanuskriptet). Eg
har vorte fortalt at liknande utvisking av historiar om roma og sinti har
skjedd ved omsetjing av andre bøker om holocaust, men har enno ikkje
verifisert desse historiane. Likeeins er det lite oppløftande å lesa i den
nasjonale presse at US Holocaust Memorial Museum er til minne om lidingane
til berre dei europeiske jødane, slik New York Times fortalde lesarane 23
desember 1993. Eg ønskjer å kunne sjå filmar som Schindlers liste og sjå
sigøynarar som ein viktig del av historia om holocaust. I filmar som Flukten
frå Sobibor, ei polsk konsentrasjonsleir der kommandant Franz Stangl i sine
memoarar skriv at tusenvis av roma og sinti vart drepne, høyrer du ordet ”
sigøynar” berre ein gong, og då berre som namnet på ein hund.”



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 14-07-02 MEST