Ward Churchill om Holocaust III

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 14-07-02


Del III

Dei største tapa råka utan tvil Sovjetunionen. Den 10 mai 1943 hadde
tyskarane tatt 5 405 616 sovjetiske krigsfangar; av desse vart 3,5 millionar
svelta, frosne, skotne, gassa, hengt, drepne av ukontrollerte epidemiar
eller dei heilt enkelt arbeidde seg i hel. I tillegg vart fem millionar
deportert til Tyskland som slaverarbeidarar – 2.2 millionar berre frå
Ukraina. Av desse reknar ein med at 3 millionar døydde på grunn av dei
grusomme tilhøva dei måtte leva under. Då tyskarane til slutt vart kasta ut
av heile Ukraina i 1944 var folketalet redusert frå mesta 42 millionar før
krigen til berre 27,4 millionar – ein skilnad på 14,5 millionar. Av desse
var i alle fall 7 millionar daude. Totalt mista Sovjetunionen minimum elleve
millionar som følgje av utryddingspolitikken til nazistane. Talet kan vera
så høgt som femten millonar, og så må ein i tillegg rekna med 3,5 millionar
som døydde som krigsfangar, og kan henda ein million soldatar som Wehrmacht
og Waffen SS berre skaut i staden for å ta fangar. Dei samla tapstala på
grunn av nazistane sin folkemordspolitikk mot slavarane når såleis opp i
mellom 15,5 og 19,5 millionar i Sovjetunionen, mellom 19,7 og 23,9 millionar
når polakkar, slovenarar, serbarar og andre er rekna med. Som Simon
Wiesenthal, sjølv ein som overlevde Auschwitz, kommenterte for lenge
sidan: ”Holocaust dreidde seg ikkje berre om å drepa seks millionar jødar.
Det dreidde seg om drapet på elleve millionar folk, av desse seks millionar
jødar”. Wiesenthal uttala seg på grunnlag av det som var kjent den gongen. I
dag, femti år etter, må vi korrigera for det vi i dag veit – at talet elleve
millionar er alt for lågt. Dei verkelege tapstala for nazistane sine
folkemord er 26 millionar eller meir, seks millionar av desse var jødar, ein
million eller fleire sigøynarar og resten stort sett slavarar. Berre om vi
har desse fakta klart for oss kan vi sjå dei verkelege konturane av
holocaust. Då fyrst har vi stilt oss slik at vi kan byrja tenkja gjennom dei
verkelege konsekvensane.

Avdekking av gøymde holocaust

David Stannard, som er historikar ved universitetet på Hawai, har oppsummert
midla eksklusivistane brukar for å hindra slik forståing. ”Talsmennene for
det unike ved jødane sin lagnad byrjar med å definera folkemord (eller
Holocaust eller Shoah) ut frå det dei trur er ting som berre har råka jødar.
Etter mykje arbeidssam forsking ”oppdagar” ein so – mirabile dictu - at dei
jødiske røynslene er unike. Om kritikarar etterpå peikar på veikskaper og
syner at det ikkje dreier seg om unike røynsler, vil andre unike røynsler
bli funne og proklamert. Om ikkje talet på drepne – kva med prosentdelen av
folket? Om ikkje effektiviteten eller metodane til drapsmennene – kva med
intensjonane?” Dette er akkurat på same viset som ei anna gruppe
intellektuelle sjarlatanar Stephen Jay Gould karakteriserte: ”Dei byrja med
konklusjonane, studerte etterpå fakta nøye, før dei kom i sirkel attende til
dei same konklusjonane.” Som Stannard konkluderte: ”Dette er ikkje forsking,
men sofisme.”

For å seia det på ein annan måte, slik Gould gjorde, er dette ”sakførsel
forkledd som objektivitet”. Samanhengen er ikkje tilfeldig sidan Gould
skildrar det akademiske forsvaret for attenhundretalsrasismen. Denne
utgjorde grunnlaget for dei nazistiske raseteoriane som førde til jødane
sine lidingar og utrydding. Sidan Deborah Lipstadt, Yehuda Bauer, Steven
Katz, Lucy Dawidowicz og andre eksklusivistar tilhøyrer eit folk som nyleg
har opplevd folkemord, vil den naturlege impulsen vera å stilla seg bak dei
mot slike som Paul Rassinier, Austin App, Robert Faurisson og Arthur Butz
som vil frikjenna gjerningsmennene. Likevel kan ein ikkje gjera det.

Ein kan ikkje avdi desse forskarane ikkje er noko likare enn hine. Når
Lipstadt ”gløymer” å nemna at sigøynarane var utsette for nett same slags
utrydding som jødane, eller når Dawidowicz og Bauer finn opp argument for at
dei ikkje vart det, er dei på same plan som Rassinier som med vilje
minimaliserer tala på jødiske offer for holocaust, eller Butz som nektar for
at holocaust i det heile skjedde.

Ein kan ikkje, avdi Katz sin lurvete argumentasjon for at termen ”folkemord”
ikkje kan brukast på noko anna gruppe enn hans eiga ikkje er noko betre enn
Robert Faurissons påstand om at ingen jødar nokon gong vart gassa. Ein kan
ikkje, avdi Yehuda Bauers ”Holocaust i historisk perspektiv”, Steven Katz
The Holocaust in Historical Context og Lucy Dawidowicz The Holocaust and the
Historians berre er baklengse variasjonar av Arthur Butz The Hoax of the
Twentieth Century. Alle er dei medvitne øvingar i å øydeleggja sanning og
minne.

Ein må sjølvsagt konfrontera dei som fornektar holocaust, syna kva for slag
dei er og driva dei ut i den permanente gløymsla dei fortener så rikeleg.
Men det same må gjelda dei som meir generelt fornektar folkemord, og som
formar verka sine deretter. Deborah Lipstadt har sjølvsagt rett når ho
uttrykker sinne og otte når holocaustfornektarar som Bradley Smith har vorte
akseptert i akademiske miljø på nittitalet. Men likevel er ho heilt taus
når det gjeld konsekvensane av at ho og ei mengd andre som fornektar
folkemord har hatt professorat i fleire tiår, og brukt desse til å stempla
alle som har utfordra deira manipulasjonar av logikk og kjeldemateriale
som ”antisemittar” og ”nynazistar”. Og dei har ofte vore i maktposisjonar
til å avgjera kven som skulle få tilgang til stillingar i slike diskusjonar.
I prinsippet er situasjonen nett som om medlemer av Institute for Historical
Review hadde vore like trygt etablert (og det er dei ikkje, og har aldri
vore det når du ser bort frå App og Harry Elmer Barnes).

Difor representerer folkemordsfornektarar av den jødiske eksklusivistsorten
eit større og fårlegare trugsmål mot evna til å forstå enn
holocaustfornektarar av IHR-sorten. Særleg avdi den mytologien som
eksklusivistane dyttar på ein – i motsetnad til Faurisson eller Richard
Verall – passar som hand i hanske men den institusjonaliserte
folkemordsfornektinga i samband med eiga historie som styresmaktene i USA,
Storbritannia, Frankrike, Tyrkia, Indonesia og mange andre held på med.
Faktisk har Lucy Dawidowicz avfeid dei som hevdar at amerikansk,
transatlantisk slavehandel var folkemorderisk – eller at
utryddingskampanjane mot amerikanske indianarar var det – ikkje berre som
antisemittar men som ”vonde anti-amerikanske”. Ho er like rett fram i sitt
strev for å avgrensa det Robert Jay Lifton og Robert Markusen har kalla ”
folkemordsmentaliteten” til å vera noko særeige tysk.

Vi er heilt enkelt nøydde til å konfrontera, syna fram og avskriva desse ”
dogmatikarane som freistar heilaggjera holocaust slik at det som vert att er
ein grunn, skinnheilag parodi av den verkelege historiske tydinga”. Vi må
gjera det for å vinna att den verkelege tydinga av holocaust i alle sine
dimensjonar, for å handsama dette emnet med den respekten som krevst og
finna fram den forklaringskrafta som ligg i å forstå desse hendingane. Berre
slik kan vi nå den ”universaliteten” som vart etterlyst av Michael
Berenbaum, direktør for US Holocaust Memorial Museum då han foreslo at
holocaust bør verta ei symbollada orienteringspunkt i historia slk at ein
hindrar gjentaking. Det var utan tvil dette Israel Charny, direktør for
instituttet for holocaust og folkemord i Jerusalem hadde i tankane då han
gjekk mot ”leiarar” og ”øvsteprestar” i ulike kulturar som insisterar på det
unike, det overveldande eller den større tydinga til det folkemordet dei
hadde vore utsette for. Han la til:

”Eg er sterk mot forsøka på å gjera folkemordet mot noko folk til den eine,
avgjerande hendinga, eller den viktigaste hendinga som alle andre skal
vegast mot før dei vert funne for lette. For meg er ønsket om å ekskludera
det eine eller hitt massedrapet frå folkemordas univers, og likeeins den
intense konkurransen om å etablera det ”unike” ved eit eller anna folkemord
fårlege tankar. Det endar opp med å skapa ei fetisjistisk atmosfære der
mengdene med daude som ikkje ”kvalifiserer” som folkemord verd dumpa i eit
tankeskapt svart hol, der dei vert gløymde.”

Å rekna sigøynarane og dei slaviske folka med til sjølve holocaust, der dei
alltid har høyrt heime, vil ikkje berre løfta dei opp frå det svarte holet
millionar av dei har vorte kasta i av både jødiske eksklusivistar og
nynazistar. Vi gjer oss metodisk og psykologisk i stan



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 14-07-02 MEST