SV: ahmed rami

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-07-02


Til Jan Brygfjel

Eg gjentek det eg sa i førre innlegget: Det som låg bak Hitler si
masseutrydding under siste krig, men som er eit historisk mønster du kan
følgja langt tilbake i tid (reconquista osb.), er ei to tusen år gamal
religiøs, politisk, sosial og kulturell motseiing mellom kristendom og
jødedom. Du finn ikkje same motseiinga i islams hus, avdi klassisk islam
gjev jødane eit religiøst grunngjeve vern.

Difor meiner eg det er ein svært viktig skilnad mellom Ramhi og mange av dei
folka han omgjev seg med. Rahmi oppfører seg akkurat like forvirra som eg
trur Brygfjell ville gjort, om han skulle orientert seg i dei innfløkte
historisk/kulturelle konfliktane i Syria. Det er det rett å kritisera han
for. Men eg meiner det er gale å stepla han som jødehatar - avdi eg ikkje
har nokon grunn til å tru at han ser på dette spørsmålet på annan måte enn
andre islamske fundamentalistar - som står fast på at jødane skal ha eit
absolutt vern som "bokfolk" etter sharia.

Hans Olav Brendberg, Hitra

_________________________________________________________________
MSN Photos is the easiest way to share and print your photos:
http://photos.msn.com/support/worldwide.aspx



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 12-07-02 MEST