Radio Islam

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 12-07-02


Magnus skreiv:

"MEN, MEN: eg ser inga grunn til å orsaka eller vekkforklåra
antisemittismen til Ahmed Rami.

Rami er frå Marokko, ein plass der det korkjer er mange drusarar eller
armenarar...

I alle høve: Zions vise protokollar og Mein Kampf ligg vel ikkje på
denne sida ut frå reint ytringsfridomsomsyn.

Eg veit at både Jan Myrdal og Jan Guillou har forsvart ytringsfridomen
til Rami, noko som har fått dei båe til å verta kalla antisemittar.
Ingen av dei to sa vel at Rami *ikkje* var antisemitt, men dei meinte han
skulle ha lov til å seia det han ville."

HOB:

Orsak at eg uttrykte meg omtrentleg i samanhengen. Poenget mitt er: Det
finst ein 2000 år gamal, djup kulturkonflikt mellom jødedom og kristendom.
Denne har både religiøse, kulturelle, etiske og politiske sider, som er lite
kjende. Eit av desse utslaga er den klassiske antisemittismen.

I islam har du aldri hatt det same tilhøvet, avdi klassisk islam har lover
som gjev eit absolutt og religiøst grunngjeve vern for jødane. Ein muslimsk
Hitler er utenkjeleg. Difor blir Rami forvirra av dette, og legg ut all
verdas ting - godt og dårleg.

Hans O



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 12-07-02 MEST