Re: Radio Islam

From: Magnus Bernhardsen (magnus.bernhardsen@nm.no)
Date: 12-07-02


Den 12.07.02 klokka 13:53 skreiv brendberg:

: Som sagt meiner eg boka til Shahak er like kosher uansett kva sider ho
: ligg på (og Rami har henne på svensk). Men det kunne vore interessant
å få
: andre synspunkt på dette.

Med argumentasjon om at ein ikkje kan lesa slikt som Rami legg ut vil gamle
Kalle gå med i dragsuget au:
http://www.radioislam.org/marx/index.htm

MEN, MEN: eg ser inga grunn til å orsaka eller vekkforklåra
antisemittismen til Ahmed Rami.

Rami er frå Marokko, ein plass der det korkjer er mange drusarar eller
armenarar...

I alle høve: Zions vise protokollar og Mein Kampf ligg vel ikkje på
denne sida ut frå reint ytringsfridomsomsyn.

Eg veit at både Jan Myrdal og Jan Guillou har forsvart ytringsfridomen
til Rami, noko som har fått dei båe til å verta kalla antisemittar.
Ingen av dei to sa vel at Rami *ikkje* var antisemitt, men dei meinte han
skulle ha lov til å seia det han ville.

Magnus



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 12-07-02 MEST