Religion - personleg, ikkje privat

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-07-02


Eg trur Trond Andresen sitt vesle stykke om sjeleleg djupne råkar eit viktig
poeng. Eg synest det er heilt greit at folk trur like lite på den heilage
ande i år som i fjor som året før der. Eg trur ikkje det kjem noko godt av å
laga ein prestasjonsidrett - anten den lista du skal hoppa over heiter
gudstru eller ateisme. Båe delar er greit - så lenge det du elles seier er
rimeleg vettugt.

Eg synest dette har vore eit artig og oppklarande ordskifte, og kjenner litt
trong til sjølvkritikk andsynes Jon Michelet, som eigentleg sette i gang
dette. Eg var litt hard med Michelet til å byrja med. På den eine sida
meiner eg han er ein dårleg teolog når det gjeld kva som er kristen lære. På
hi sida trur eg at det han freista å gjera er svært viktig: Å gå utanfor den
tronge, "politiske" råma for tenkjing, og freista seia noko om kva han trur.
Og det trur eg er viktig å gjera av og til. Eg er redd det i samfunnet vårt
er litt for mykje tabu å seia noko om tru. Og eg trur alle tabu i eit
samfunn fortel om sterke maktstrukturar.

Religion blir i vårt samfunn ei privatsak - ikkje ei personleg sak. Det blir
noko folk pratar om i seine nattetimar, eller etter at dei har drukke nok
alkohol. Det blir noko ein skal "respektera", utan at nokon seier kva dei
trur i fullt alvor i nokon samanheng. Eg trur denne "privatiseringa" av
religion er like ille som mykje anna privatisering. Det er ei personleg sak
å tru på noko - og så lenge det er mange offentlege (politiske) saker der
tru spelar ei rolle, er det viktig å gje uttrykk for personlege standpunkt,
anten dei tek utgangspunkt i Kapitalen eller Bhagavad Gita.

Du skal såleis ikkje "respektera" i den grad at du bidreg til
privatisering - men samstundes synest eg det blir feil å koma dragande med
all verdas hekseprosessar og tvangsdåp og kva som helst berre folk so vidt
opnar kjeften og gjev uttrykk for kva dei meiner. Eg synest det er litt på
same måte som at folk kvar gong skal krevja at du avsverjar deg Stalin og
alt hans vesen og all hans tenkjing om du vågar å seia at du er ein slags
maoist. Også dette synest eg bidreg til privatisering av det som ikkje skal
vera privat, men personleg og offentleg.

Eg meiner også det blir for lettvint å seia at religiøse ikkje tenkjer. Eg
diskuterer mellom anna ein del av desse spørsmåla med ei post-maoistisk,
islamistisk dame i USA. Vi er usamde, men å hevda at slike folk ikkje
tenkjer er faktisk feil. Tvert om trur eg du finn mykje avansert tenkjing i
slike rørsler.

Eg har jo så langt valt den lettvinte - og litt usaklege - tilnærminga å
ikkje gjera greie for eigen posisjon i dette ordskiftet. Det bør eg vel bøta
litt på. Mitt problem er vel at eg er litt "shizofren" her - at eg har
brukar tenkje- og forståingsmåtar som ikkje går heilt ihop. For å seia det
slik: Eg avviser korkje kristendom eller marxisme - men ser jo at dei ikkje
går heilt i hop om du tenkjer konsekvent og dogmatisk innanfor kvar
tradisjon (og det skal du jo til ein viss grad gjera - eg likar ikkje
intellektuell lapskaus der ein berre rører i hop). Det er jo litt
frustrerande at ein ikkje har nokon klår og eintydig posisjon som ein kan
forsvara til finalen i OL i logikk. På hi sida kan kanskje slik frustrasjon
vera produktiv?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST