Politikk og religion og etnisk logikk

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 05-07-02


Eg syner til oppslaget om Neturei Karta - "Jødisk antisionisme" - som eg la
ut for ei lita stund sidan. Oppslaget syner nokre interessante ting når det
gjeld jødedom og etnisk logikk.

Oppslaget kallar Neturei Karta "ekstrem" og "ultra-ortodoks". Når det gjeld
"ultra-ortodoks" trur eg dette er lite dekkande. Dei representerer ei
retning som held fast ved dei 632 religiøse pliktene i jødedomen. Dei er
heilt enkelt ortodokse. Forstavinga "ultra" har ikkje med religion, men med
politikk å gjera.

Når det gjeld "ekstrem", er dette ei nemning brukt i eit sionistisk
perspektiv. Dei er "ekstreme", avdi dei meiner det er eit brotsverk å jaga
vel 700 000 folk frå heimane sine for å stela landet deira og oppretta ein
"jødisk" stat. Dette er slik alle sionistar ser det - venstre eller høgre -
normal og akseptabel oppførsel, som ikkje kan diskuterast.

Dette er altså ikkje "ekstreme", "ultra-ortodokse" jødar, men
antisionistiske, ortodokse jødar, omskrive til normalspråk.

Men så til det interessante. I følgje alminneleg meining i det jødiske
samfunnet i London var det "sjokkerande" å sjå dei gå med bønesjal i ein
palestinademonstrasjon - for å gje uttrykk for sitt politiske (ikkje
religiøse) syn. Derimot har det same jødiske samfunnet ingen problem med å
gå i demonstrasjonar saman med Kahanistar. Kahanistane står for ein politisk
ideologi som etter mitt nokså nøkterne syn er ope fascistisk. Og det at
ortodokse jødar gjev uttrykk for sitt politiske syn fører i neste omgang til
religiøse reaksjonar (dei blir utestengde frå synagogane).

Dette er eit uhyre interessant reaksjonsmønster, som folk bør bruka litt tid
på å skjøna. Det syner korleis jødedom og sionisme er umogleg å skilja frå
kvarandre - avdi båe er uttrykk for kasteideologi for den same kasten. Folk
som kjenner litt til indisk historie, kan samanlikna med brahminarkasten.

Kasteideologi gjev seg utslag i svært bastante førestillingar om kva som er
upassande. I den japanske romanen "Elven" av Shusako Endo blir nokre
turistar på gjesting i Varanashi dregne inn i ei bryllupsfeiring av glade
brahminar. Dei tek plass ved borda, det er ei glad og lystig stemning. Så
nemner ein av dei inviterte - utan å vera klar over kva han gjer - at han
tidlegare på dagen har vore i ein unemneleg bydel. Det blir heilt stilt.
Folk ser på dei, og nokre bryske menn kjem bort til dei og fylgjer dei ut
døra.

Problemet med kasteideologiar er at dei "smittar over" på folk utanom
kasten, og kontrollerer råmene for diskusjonen. Difor kan brahminar i delar
av India bruka lågkaste og kastelause som reidskap for massedrap på muslimar
i eit maktspel som berre tener brahminane. Går du utanfor råmene for
"tillate diskusjon", seier du "skitne og uakseptable ting". Dette kan vera
eit svært effektivt maktmiddel. Eg kan historia mi når det gjeld folkemordet
på jødar under krigen - som var eit uhyrleg brotsverk, nett som folkemordet
på armenarar i Tyrkia. Det siste vart ikkje mindre frykteleg av at det
skjedde i "sabelen og bajonettens tid".
Men vi ikkje-jødar har sterke førestillingar om "skittent og uakseptabelt"
når det gjeld diskusjonen om jødar - det har vi ikkje om Tyrkia og
kemalisme. Eg meiner dette er ein grunn til å tenkja seg godt om.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST