Sunn teologi

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 02-07-02


Eg gløymde eit viktig atterhald i førre innlegget mitt. Og slike atterhald
er viktige i dette minefeltet. Sjølv om jødedom er ein del av problemet,
tyder ikkje det at all jødedom er del av problemet. Neturei Karta
representerer ei retning innanfor jødedomen som eg meiner er til å leva med.
Men eg trur det er viktig å merka seg at dei ikkje går inn for ei
tostatsløysing, men ei oppløysing av den "jødiske" - i deira augo
blasfemiske - staten. Heimesidene deira er svært gode - eg finn ikkje lenka
i farten, men bruk ein vanleg søkemotor. Eg vil vera skeptisk til alle
ortodokse, jødiske retningar som ikkje går inn for oppløysing av Israel.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST