Raud kvige og anna rart

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 29-06-02


Litt meir om ortodoks jødedom.

Stykket om den raude kviga syner ein viktig skilnad mellom jødedom og
kristendom som ein bør sjå om ein skal forstå noko av det som skjer i
Israel. Kristendom og jødedom er ikkje religionar som liknar kvarandre.
Talmud og nytestamentet gjev heilt ulike nøklar for tolking av det gamle
testamentet, og desse "tolkingsnøklane" peikar i heilt ulike retningar.
Medan hovudstraumen av kristendom legg slike merkverdige ting som "den raude
kviga" til sides som noko forhistorisk, er dette i og for seg levande stoff
i jødedomen. Det som gjer at amerikansk kristenfundamentalisme og jødedom
til ein viss grad kan dra i same retning, er at delar av amerikansk
kristendom er ekstremt biblistisk. Eit utprega eksempel her er Jehovas
Vitne, som sant nok ikkje er "kristne" i noko meiningsfyllt tyding av ordet
(dei er ei bibelsk religionsretning som byggjer på ei heilt særeiga,
ikkje-kristen bibeltolking), men som veks ut frå ein ekstrem biblisme.

Amerikansk biblisme byggjer på bokstaveleg tolking av gamaltestamentet. Det
gjer ikkje jødedom. I jødedomen er det Talmuds bokstav som gjeld, og som er
autoritativ tolking av GT. Ofte kan tolkinga i Talmud stå vera beinveges
motsett av GT. Eit døme er ordet om "auge for auge, tonn for tonn", der
Talmud seier at dette tyder at du skal gje augepengar for eit auge - altso
ikkje symmetrisk hemn, men pengebot.

Eit eksempel på tolkingssystemet i Talmud vil gjera dette klårare. Eg hentar
dømet nokså ubearbeidd frå Shahak. Shahak byggjer her på den største
autoriteten i jødedomen i middelalderen - Maimonides, "Rambam" (1135-1204).
Maimonides var ein typisk allvitar - som var livlege til den egyptiske
sultanen, og som arbeidde på svært mange og ulike område.

Jewish Virtual Library har ein god presentasjonsartikkel her:

http://www.us-israel.org/jsource/biography/Maimonides.html

Innanfor ortodoks, jødisk lovtolking har Maimonides skrive sentralverket
"Mishne Torah", som Shahak byggjer desse tolkingane på. Han syner til
kapittelet "Forbod mot samleie", kapittel 12 i "Mishne Torah".

Utgangspunktet for dette eksempelet er desse to tekstane frå Mosebøkene:

1: 1 Mos. 2.23-24: Då sa mannen:

"Dette er då bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast
kjering, for ho er teken av ein kar". Difor skal mannen skiljast frå far sin
og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.

2: 2 Mos. 20.17: Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje
trå etter kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller
eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

Så til tolkinga av dette. I følgje Shahak lærer ortodoks jødedom:

Samleie mellom ei gift, jødisk kvinne og andre enn mannen hennar er eit
brotsverk som inneber dødsstraff for båe, dette er ei av dei tre verste
syndene i jødisk religion.

Stoda er heil annleis når det gjeld ikkje-jødiske kvinner. Jødisk lovtolking
føreset at alle ikkje-jødar lever i ytterste lauslivnad. Om ikkje-jødiske
kvinner gjeld orda frå Esekiel 23, 19-21: "Men endå lenger dreiv ho si
utukt; for ho kom i hug sin ungdoms dagar, då ho dreiv hor i Egypt. No
lengta ho etter horkarane der, dei hadde lem som esel og sæd som hestar. Du
tenkte med lengsle på din ungdoms skamlause ferd, då egyptarane klemde
barmen din og tok på dei unge brysta dine."

Difor er ikkje samleie mellom ein jødisk mann og ei ikkje-jødisk kvinne
ekteskapsbrot. Det er heller ikkje tillate - tvert om. Men den hardaste
straffa skal råka den ikkje-jødiske kvinna. Ho må avrettast, sjølv om ho
vart valdteke av jøden. Maimonides skriv: "Om ein jøde har samleie med ei
ikkje-jødisk kvinne, om ho er eit tre års gamalt barn eller om ho er vaksen,
om ho er gift eller ugift, og sjølv om ho er mindreårig, berre ni år og ein
dag gamal - må ho drepast som eit dyr avdi han med vilje hadde samleie med
henne og ettersom det var gjennom henne ein jøde hamna i vanskar". Jøden
skal i eit slikt tilfelle ha pryl, i tilfelle han er medlem av prestestamma
(kohen) skal han ha dobbelt så mange slag.

Ei slik etnosentrisk, religiøs røyndomsoppfatning må innebera problem når ho
skal setjast ut i livet som statsbyggjingsprosjekt. Difor trur eg ein
bommar på målet om ein skal appellera til medkjensle mellom israelske
veljarar - mange av dei er djupt påverka av det verdsbiletet ortodoks
jødedom formidlar. Sjølv om dei er sekulariserte. Difor er truleg vegen kort
til ein byrjar svara på sjølvmordsåtak med å ta livet av familien til
sjølvmordsbombaren - etter logikken i ortodoks jødedom er dette ein rimeleg
reaksjon. Eg syner elles som vanleg til Shahak:
http://abbc.com/historia/shahak/his-rel/forord.htm

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST